Seinsommarprat med meg sjølv

Om få dagar er eg attende i storbysuset, vrimmelen og det litt for høge kvardagstempoet mitt. Det følgjande er refleksjonar over det eg har heime på Jæren, og som storbyen ikkje kan gjeva meg, sjølv om han liksom skal ha alt.

Eg var på stranda mi i dag for å seia ”på snarleg gjensyn”. Rosa solnedgang i vest og mørke skyar i aust. Nesten ingen vind, og sanden var fast etter regnet som landa der i natt. Perfekte løpeforhold.

Eg prøver også å seia hadet til pianoet i stova, pianoet som kan få meg til å slutta å tenkja og som let fingrane uttrykka så mangt av det ordlause bruset i meg. Eg har ikkje vore i humør til å spela piano til no i sommar. Eg har heller klimpra på nitrist gitarcountry (Whiskey lullaby) og prøvd å utvida nybegynnerrepertoaret over klangar eg ”kan” ved hjelp av Thomas Dybdahl sin oktobernotebok. Melankolien i musikken hans er basert på eit uttal av add9 og maj7 og ditt og dattklangar. Men denne veka kom pianotrongen attende. Eg pløyer gjennom stykke etter stykke i ei intens spele-ri: Sæverud, Debussy, Pärt, Bartok, Thiersen, Mozart. Kvar av dei uttrykker ulike kjensler, men eg kan følgja dei, alle saman. Eg forstår ikkje kva musikken gjer med meg, og det er nett slik eg liker det.

Heime har eg ei ro over dagane eg ikkje har sjans til å finna i Oslo. Eg kan sitta i sofaen med ei god bok i fleire timar utan å føla at det var noko anna eg burde ha gjort, eg kan ta ein løpetur eller ein filmkveld så sant eg får lyst. 

Noko av grunnen til at eg kan slappa så godt av, er at foreldra mine sørgjer for mat på bordet og reine klede i skapet. For eit privilegium! Dessutan er deira rolege nærvær i huset ein nedstressande faktor i seg sjølv. Eg gler meg til dagleglivet mitt har ei rytme som liknar deira. Men alt til si tid.

Ingen tvil om at eg har godt av rekreasjonsmånadane på Jæren. Tempoet eg held i Oslo er høgt, men det går no på eitt vis om eg berre gjev meg sjølv tid til å pusta. Men no trur eg at eg er så restituert som eg kan få blitt. Eg er klar for utfordringane som ventar. Håpet er at eg vil koma gjennom det som møter meg på ein konstruktiv måte og at eg slik kan veksa som menneske.

Velkomen til haustsemesteret 2010!

Kommentarer