Frk. K prøver seg på interkulturell kommunikasjon

Det er eitt år sidan eg såg han sist.
– Du har lagt på deg, seier han etter det obligatoriske "ça va?".
– Hæ? Meiner du at eg har fått fleire kilo? (Eg spør om dette fordi eg ikkje var heilt sikker på kva det franske ”grossir” tyda i denne samanhengen.)
– Ja.
– Slikt liker ikkje norske kvinner å høyra.
(Latter frå begge involverte partar. Eg får det for meg at dette må bli ein sommar med mykje fysisk aktivitet.)

På telefon
– Kvifor vil du aldri finna på noko med meg?
– Fordi eg har andre avtalar. (Men om eg verkeleg ville, så hadde eg fått tid til deg. Det er berre det at eg vert så nervøs og usikker, uroleg, eg veit ikkje kva du vil, du nærmar deg meg i eit tempo eg ikkje er van med, eg liker å gå med museskritt når eg har problem med å forstå motparten, kvifor denne intensiteten? Du les ikkje dei sosiale signala mine som andre, du kjenner ikkje språket mitt. Difor vil eg ikkje finna på noko med deg.)

På kafé
– Du stoler ikkje på meg, seier han over te-glaset.
– Nei.
– Kvifor ikkje?
– Eg kjenner deg ikkje, og eg vil ikkje vera naiv. At me ikkje har same morsmål, gjer det vanskelegare å bli kjent.
– Men du forstår då kva eg seier?
– Ja. (Men det er så mykje eg sjølv ikkje seier fordi eg ikkje veit korleis eg skal få sagt det på fransk, eg kjenner ikkje nyansane godt nok til å leika med språket når eg snakkar, og eg må kunna leika med språket, eg treng språkleg fridom for å visa kven eg er. Me kan kommunisera, le saman og læra kvarandre mykje nytt, men eg tviler på at me kan koma så nær kvarandre som du ønskjer.)
– Og korleis har du tenkt å bli kjent med meg utan å bruka tid med meg?
– Du stiller jammen direkte spørsmål! Nordmenn er ikkje vane med slikt.
– Takk for at du seier ifrå. Det er ikkje lett å bli kjent med kodane i ein ny kultur. Ein må gjera feil.
– Sant det.

Eigavurdering etter endt kommunikasjonsprestasjon
Når eg vert nervøs i ein situasjon, er det mykje mogleg at eg står ved eit punkt som gjev meg moglegheit til å sprenga grensene mine. Denne venen min utfordrar meg ved å visa meg sin del av verda, ved å bretta ut Afrikas endelause konfliktar og lista opp namnet på kyniske diktatorar, ved å snakka om uskolerte idiotar som kjempar om makta og som ikkje har respekt for menneskeliv. Eg vert redd av å sjå alt dette, redd for kva menneske kan gjera mot kvarandre, redd for håpløysa. Eg vert flau også, flau over min eigen mangel på lyst til å oppdaga verda. Flau over å ikkje villa forlata mitt eige land der eg kjenner dei sosiale normene, der sosialdemokratiet tek vare på borgarane sine, der eg slepp å sveitta under ei stikkande sol, der kald vind kan blåsa med vaken. Eg er nøgd med og glad for alt eg har! Kvifor skal eg då oppsøka det som er så langt borte? Eg kryp inn i det herlege, norske skalet mitt og koser meg. Han pirkar i meg. Bryr eg meg ikkje om alle andre?

Han ser dokumentarfilmar og les politiske, satiriske romanar. Analysen mi viser at han føretrekk makroperspektivet. Har han ingen estetisk sans?, tenkjer eg i mitt bortskjemte indre. Eg liker sære, vakre filmar om små ting og nære relasjonar, og det meste av litteraturen eg les vender blikket innover. Eg har ein sterk preferanse for mikroperspektivet, for innanfor dette perspektivet kan eg oppnå meistringskjensle. Det nyttar å jobba med enkeltrelasjonar, og å prøva å bli klokare på menneska kring meg. Det nyttar ikkje for meg å prøva å redda verda gjennom politisk engasjement og idealisme, det er i alle fall mitt pessimistiske, feige perspektiv.

Så eg har alle grunnar til å oppsøka denne venen min som peiker på så mykje uggent i meg. Dei vanskelege, implisitte kommunikasjonsnormene og den middels høge språkbarrieren gjev meg inga unnskyldning til å feiga ut.

Kommentarer

PerMS sa…
Nervøs, redd, flau, pessimistisk, feig, uggen.... Har du fleire gode eigenskaper?
Fru K sa…
Litt offentleg sjølvkritikk i ny og ne har ein berre godt av.
Kan hende er ikkje offentleg sjølvskryt heller å forakta. Men det får bli til ein annan gong.
Anonym sa…
This means that all the big industry gamers want a part of|part of} it 카지노 – which is great information for us, the purchasers. We may help you kind via all the live casinos in Australia and find finest choice|the solely option|your best option} with minimal effort. Founded in 2012, BetGames.TV has a number of} offices and studios for streaming live video games in several countries.