Uttrykk for inntrykk frå nord

Tromsø

Lufta i Tromsø er kaldare og klarare. Det kan skuldast at ho ei er blanding som oppstår der fjell og sjø møtast. Eg tok taubanen opp til fjellet, som om eg skulle vera ein slapp turist på jakt etter å få sjå mest mogleg på kortast mogleg tid. Eg burde ha gått oppover lia, det ville ha gjort meg meir lukkeleg. No skodar eg utover skarpe fjellegger med snø, mildare og rundare toppar som er dekka av grønt, bybrua, brygga, husa. Og sola. Det er seint. Det er lyst. Landskapet glødar. Her nord bestemte mørkret og lyset seg for å dela året mellom seg i plassen for døgnet.


Ishavskatedralen har visse likskapstrekk med Bryne arbeidskyrkje. Det som skil dei to er at kyrkja på Bryne ikkje får ein til å tenkja på isblokkar.

I Tromsø er vintage - klede billegare enn i Oslo.

Alta
På veg til Alta trur eg at eg ser noko uvanleg då eg får auge på dei fyrste reinsdyra. Men eg tek feil. Reinsdyr er omtrent like vanlege i Finnmark som sauar er heime.

Frå frukostbordet har eg utsikt over torget i Alta. På plassen er det eit stort sjakkbrett. Ein gut spelar sjakk med seg sjølv. Dei svarte vinn stort. Faktisk så gjev han seg ikkje då den kvite kongen er borte. Kvar einaste kvite brikke vert teke av dage.

For omlag 6000 år sidan tok kreative sjeler fram teiknereiskap og slapp kreativiteten laus på svaberga. Flinke folk. Eg trur ikkje mine teikningar vil halda seg fullt så lenge.



Om natta vaknar eg av at ein full finnmarking snakkar høgt og opphissa utanfor vindauget mitt. Parodiar på sinte finnmarkingar er ikkje overdrivne. Eg fekk til og med høyrt den eksotiske kraftglosa "j**** hæstkuk".

Kautokeino
For mange år sidan var kunstnarparet Juul på leit etter ein stad der dei kunne realisera ideane sine. Dei bygde seg ei hytte litt utanfor Kautokeino. Plassen var perfekt: Dei var til og med så heldige at eigedomen var utan vegforbinding. Hytta har etterkvart vekse og blitt til deira eige palass. Eit stort gullegg står utanfor. Taket ser ut som om det er tynga av snø, heile året. Ein vegg er av glas, for at dei som er på innsida skal kunne sjå sauane, hanane og hønene på utsida. På innsida finn ein eit rom som er ei arkitektonisk kjærleikserkæring til Afghanistan. I eit anna rom held Regine Juul, som no har runda 70 år, på med eit kunstverk som ikkje kan flyttast på. Ho kler veggen med glasbitar, keramikk og steinar. Regine er dansk. Ho kom hit som 18-åring. Då samane i området kom til kunstnarparet for å få reparert sølvsmykka sine, bestemte paret seg for å starta ei sølvsmie. I sølvsmia vert sølv smidd til smykke som speglar steinar og smeltande is. 



Eg vert kunstnarromantisk av besøket. Tenk å vera eit kunstnarpar på vidda med ein heim som er open for folk som treng noko vakkert! (eller på fjellet, eller ved havet, så lenge lufta er fri frå eksos og støy)

Bjørkene forhindrar vidsyn på Finnmarksvidda. Me går berrføtt gjennom myrvatn. På ein topp med utsikt over eit vatn, er ein offerstein. Det glitrar i myntar. Nokon har ofra ein billig plastkikkert. På andre sida av vatnet var der visstnok dyregraver, utgravne søkk i terrenget som reinsdyra skulle snubla ned i. Eg ser for meg at dei fungerer som Heffalumpfella i Hundermeterskogen. Eit informasjonskilt langs stien er venleg nok til å opplysa oss om at det er blodtørstige mygg på vidda. Det trengte me i grunnen ikkje eit skilt for å finna utav, det er så mykje mygg at me knapt kan stå stille lenge nok til å lesa all informasjonen i løypa.


Gravene på Kautokeino kyrkjegard er ein del av ein kortvokst skog. Nokre av jernkorsa og trekorsa er halvvegs nedsokne i jorda, andre er slitne og lener seg mot ei trestamme. Atter andre har gjeve opp, dei ligg nesten gøymde i graset. Naturen tek dei varleg til seg. Eg vil veldig gjerne ha eit slikt jernkors på grava mi når eg døyr. Dei er finare og gjev ein meir mystisk atmosfære enn dei bastante steinblokkene me har for vane å bruka. Men kan hende steinane har sine praktiske fordelar. Eg skal ikkje påstå at eg har nokon som helst peiling på gravstøtter.



I solskinnet utanfor matbutikken snakkar to jenter med ein gamal, koseleg bestefarmann. Dei snakkar samisk. Vakkert. Eg tygger på tørrfisksnacks. 

Nordkapp
På køyreturen til det ytste nord ser eg hus klora seg fast heilt nede ved vannkanten. Dei er malte i fargar som får ein lun glans i solskinnet. Idyll! Men korleis i alle dagar overlev folk her når havet slenger svoltne bølgjer oppover mot bustadane, eller når vegane vert herja av dansande snø? Eg lurer på korleis folka i desse husa er. Eg trur plassen dei vel å bu på må ha gjort dei kloke. Tilværet må ha herda dei. På plassar som dette, vert det meir meiningsfullt å snakka om vêr og vind.



Ei sky ligg som eit teppe over nordkappplatået, og ho trenger seg inn i hovudet mitt. På utsida av skya skin sola. Eg skimtar blått hav. Eg går bortover eit aude landskap pryda med bittesmå rosa blomar. Vinden er iskald. Eg burde tenkja store tankar om å stå ved Europas yttergrense. Eg får det ikkje til.

Kommentarer

Ragnhild sa…
Tørrfisksnacks? Seriøst? ;) Turen høres gøy ut, eg må nok komme meg til Nord-Norge sjølv ein dag...
Fru K sa…
Jepp, tørrfisksnacks. Med litt godvilje, så var det faktisk ganske så godt! Reinsdyrsnackset endå lettare å lika. Ja, kom deg dit! Peri hadde sikkert likt det han også, mange fjell han kan springa opp på og slikt.
Anonym sa…
Helt tilfeldig at jeg kom over profilen din, i og med at vi har de samme initialene! Også skriver du tilfeldigvis om fylket mitt også...
Jeg har bodd i Alta i to år, har enda ikke hørt den glosen du fikk servert! Virker uansett som om besøket ditt i Finnmark var fint. Syns du Nordkapp var avsideliggende burde du besøke Havøysund, som bare ligger en "liten" kjøretur unna.

Ha en fin sommer!
Fru K sa…
Så kjekt at du snubla over bloggen min, namnesyster!

Likte fylket ditt godt eg! Kan hende den sinte nordlendingen var plassert utanfor hotellet som ein slags turistattraksjon utan rot i røynda.

Eg får stikka innom Havøysund neste gong eg er i området, for ein må jo attende til nord!
Heidi sa…
Eg var i Juuls sølvsmie for ca 32 år sidan. Jobba på MS Gann ein sommar.

Eg er innom bloggen din med jamne mellomrom. Velkommen til min om du har lyst.