Sjå, Jæren!

Vinden bles håret i alle retningar. Styltene svaiar på kvar side av meg. Dei andre sit på kvite benkar, med sola blinkande i blikka. Grusen knasar under stolpane som no er forlenginga av kroppen min.

Inne på Hå gamle prestegard har me sett på alt mogleg som menneske har funne det for godt å samla på. Til min store fryd, er det ikkje berre eg her i verda som har samla på serviettar, steinar, frimerke, fingerbøl, glansbilete, klistremerke og lykketroll. (Eg samla også på bilar, elefantar, viskelêr, såpar, men dette var ikkje å finna på ustillinga.) Det kjennest så meiningsfylt å samla. Er dette ein rest i oss frå tida som jegerar og sankarar? Men for all del, evna til å samla er relevant for å overleva i dag også, kvifor skulle ein elles ha masse pengar ståande i banken?

På løa til prestegarden var det ein installasjon som bestod av alle moglege ting som var sett saman i eit orientalsk mønster og som følgde ein streng fargeprogresjon. Jesus-bilete, Girls - blad, spelekort, fotografi, forkle og mykje anna tenkjeleg og utenkjeleg. Men det slo meg at alt dette faktisk kunne finnast i eitt einaste menneskeliv. Veven av ting som omgjev oss, har til tider absurde trådsamansetningar.

På eit bord kunne me laga våre eigne installasjonar. Eg plasserte eit hjarta i ein ølkork, og omringa det med svarte knappar og sånne plasthylster ein bruker når ein skal skrua skruer inn i betongveggar. (nokon som kjenner namnet?)



Me tar føtene fatt til Obrestad fyr. Kyrne beitar ved stien og ser på oss med store, rolege auge. Me hoppar frå stein til stein for å unngå gjørmehol og kukaker. To jenter poserer som den vesle havfrua på ein stein i vasskanten, medan gutane påpeiker at ekte havfruer er topplause og har langt, laust hår.


Opp frå stien går ein brått ein bakke, og sjølv om me er jærbuar, veit me å bruka baksidemuskulaturen for å koma oss opp til fyret. Veggane er kvite, graset er grønt og bølgjande, sola varmar så lenge ein sit i le.


Inne på fyret fortel ein gamal mann om tyskarane som budde her under krigen. Han viser oss eit klipp frå filmavisa som fortel om hitlertennene, og om alt som vart att her etter tyskarane. Jærbuen (uttala med heilt feilt trykk) har litt å rydda opp i, kommenterer filmavismannen akkompagnert av heroisk musikk. I fyret sin kjellar har ein tyskar malt eit bilete av ei hulahula - dame, samt ei blondine med godt innsyn til undertøyet. Slikt må vel til for å få tida til å gå.




Oppe i tårnet studerer eg fascinert den gigantiske lyspæra som er omgjeven av speglar i perfekte vinklar. Me ser utover. Det blå havet ender i ein bua horisont. Dei mjuke grasbakkane strekk seg så langt me kan sjå. Rullesteinane har funne kvile ved sjøkanten.





 Me ber kvarandre delvis på ryggen på veg attende. Me har vind og hevdalukt i håret. Me er jærbuar, me.


Kommentarer

Aspis sa…
¶:)
Runar sa…
Herlig! Og så heiter det skruepluggar.
Fru K sa…
Takk! Alt du kan, Runar!
anne m sa…
Veldig bra gjengivelse:)
annem sa…
Veldig bra gjengivelse:)
annem sa…
oisann. haha. det og va en veldig bra gjegivelse:P