Ein draum om ein midtsommarskveld

Me kunne ha sett ei brennande sol søkka i havet medan ein vind frå sør heldt myggen borte. Bølgjene ville ha massert dei nærast utslitne trommehinnene våre etter eit halvår med byen si konstante summing.

Tidlegare på dagen ville me ha gått tur. Høgt gras hadde kjærteikna leggene våre. Eg ville ha fått fryktelege bilete i hovudet henta frå tabloida sin årlege sommarfryktkampanje. Du ville ha roa meg ned med at flottar er enkle å oppdaga, særleg på ein kropp som er så liten som min.

Den soltome himmelen ville fått eit gyllent skjær idet med prøver å sjå på kvarandre gjennom væska i glasa våre. Eg ville som vanleg ha ledd av vitsane dine, og eg ville følt meg intelligent, fordi du plasserer meininga mellom linjene.

Timane og måkene ville sveva av garde med oss.

Eg ville gått for å henta dei resterande krabbeklørne. – Nattmat! seier eg så og klyp deg i litt for hardt i nasen med den største kloa.

Eit kjede av perlemorskvite ord.

– Det er visst ikkje fleire pledd å oppdriva, seier du og legg armen kring meg.

Vidopne nattpupillar

Sjølvsagd ville eg vera den fyrste som tek til å glipa med auga. Eg opnar munnen på vidt gap i eit forsøk på å få transportert tilstrekkeleg med oksygen inn til den nedsløva hjernen. Du veit at det i slike stundar er ditt ansvar å få augneblinken til å vedvara. Du ber meg om å ta ti armhevingar. Du pressar handbaken mot ryggen min. Latteren får armane til å knekka saman etter sju løft og løyser opp svevnlysten.

Slik overlev kvelden heilt til sola er på veg opp på baksida av hytta.

– Me har laga ei metope, kviskrar eg før me sovnar.

Det som skapar ei nerve i denne teksten, er modalbruken. På tross av at draumen til eg - karakteren ikkje krev mange praktiske operasjonar for å gå over i røynda, det er ikkje eingong naudsynt med ei hytte ved havet, ein heilt vanleg terrasse høver også til formålet, så er han latterleg vanskeleg å realisera. Det har seg nemleg slik at to menneske kan ha store problem med å famla seg fram til kvarandre for å gjeva gjensidig nærleik, fred og annan magi. Dei kan virra rundt i eigenprodusert tåke i årevis, dei kan snubla i lause trådar frå I-podane sine, eller oversjå alt der dei skodar utover landet frå tanketårna sine. Det kan også visa seg vanskeleg å ta ein telefon det i teorien burde vera problemfritt å ta.

Kommentarer

Anonym sa…
jeg setter så stor pris på å lese blogg innleggene dine! De er nydelige og setter i gang tanker hos leseren. Nå håper jeg du har en god ferie uke og gleder meg til å se deg når du kommer tilbake!
Fru K sa…
takk for det!