Morgonblues i sur nedbør

Morgonen møter meg, men eg ber han om å senda meg attende til natta. Dei sosiale antennene mine ligg i ei stor floke på puta, og eg orkar ikkje tanken på å gjenoppretta orden.

Kroppen er eit kaos av tung mat og giftstoff. Han sørgjer for halda hovudet mitt vakent der det ligg på puta, for kroppen vil at sjela skal få kjenna kor slitsamt det er å vera bunden av fysiske lovar når resten av heilskapen ikkje samarbeider om næringsopptaket.

Auga mine ser mot taket, men blikket mitt er vendt innover. Det er på tide å ta seg saman, tenkjer eg, medan eg prøver å planlegga livet mitt slik at det berre kan gå oppover. Men det viser seg at eg tok feil, for tankar om ambisjonar og prestasjonar får det heile til å gå nedover, eg søkk, søkk med eit overfylt hjarta.

Eg tenkjer vonde tankar om alle som prøver å overbevisa meg om at alt kjem til å bra. Korleis kan dei seia slikt? For alt dei veit, kan det gå skikkeleg dårleg. Det dei prøver på, er å servera meg ein sjølvoppfyllande profeti, ei klok og god gåve. Men eg er dum nok til å ikkje ha lyst til å gå inn i ein slik illusjon med opne auge, eg vil sjå framtida mi som det ho er, eit stort hol med både negative og positive forteikn.

Trykket i brystet er i ferd med å gjera meg til ein pustemaskin som vekkjer alt og alle, til og med flugene som søv i vindaugskarmen. Dette går ikkje. Eg mobiliserer krefter og skyv att døra til tankerommet,

og det vert stille.

Lyden av regndråper masserer trommehinnene mine.

Eg blunkar hardt og tek ei avgjerd. Eg kastar av meg den trykkande dyna og kjem meg opp, ned, ut.

Eg plasserer dei bare føtene mine i ein attgløymt snøklatt medan eg ber regnet om å vaska meg. Frå fugleperspektiv ser eg meg sjølv som eit ekte naturmenneske.

Men det tek si tid å bli rein i sur nedbør.

Brått står du bak meg, ler og spør kva eg driv med.
Eg vert irritert når eg kjenner at det ikkje skulle meir til før tilværet vart grønt att.
Det plagar meg at eg smiler oppriktig til deg idet eg snur meg.

Men det er uforskamma herleg å vera glad.

Kommentarer

Hedda sa…
så fint, Kristine. dette her kan bare gå oppover... ;-)
Anonym sa…
Det var en utrolig fin beskrivelse av hvordan morgenen er noen ganger.
Heidi sa…
Dette minna meg litt om noko eg skreiv på min blogg i dag... På ein måte...
Fru K sa…
det kan nok berre gå oppover, hedda, sant det. lat oss i alle fall lulla oss inn i den illusjonen, det kan føra mykje godt med seg.

(nett no er eg frista til å sletta dei fem siste linjene i teksten.)

takk, astrid!

så fin draum du skreiv om, heidi! du er heldig som drøymar så tydeleg. eg lurer på om det er ei øvingssak? for i perioder der eg delar draumane mine med andre, eller er flink til å skriva dei ned, hugsar og forstår eg stadig meir. det er givande!
Heidi sa…
Trur det er litt ei treningssak. Du må halda dei fast og bestemma deg for å hugsa. Og så må du helst skriva dei ned før du har gløymt dei. Nokre draumar er krystallklare, medan andre svinn som skodde mellom fingrane så snart du er skikkeleg vaken.