Antropologen

Auga mine er vidopne og store som tinntallerkenar.

Vesena som vert fanga inn av pupillen min, snudd opp - ned og så ned - opp, før dei blir tolka av dei velsmurte hjernecellene mine,

har svarte eller kvite leidningar med proppar kopla til øyrene sine. Det ser ut til at dette er trådar som held tankane samla. Eller kan hende proppane forhindrar at ting tyt ut av øyrene.

Fleire av dei snakkar med seg sjølve. Til tider smiler dei og gestikulerer ut i lufta. Eg får frysningar når dei ler.

Dei går forbi kvarandre utan å sjå på kvarandre, noko som ser krevjande ut med tanke på kor mange av dei som er samla på eit lite område. Dersom to blikk kolliderer, vert dei glasaktige, som om sansen vert midlertidig sett ut av funksjon.

Sola er nett stått opp og alle har eit pappkrus i hendene. Ved ein påfyllingsstasjon ser eg at væska er brun og rykande. Ho får pulsen deira til å auka, beina til å setta opp tempoet og tunga til å gå som smurt.

Eg ser dei forsvinna inn i bygningar. Konstruksjonane kan minna om maurtuer, men eg veit ikkje om dei går like langt ned under den harde, grå jordskorpa. Nei, gløym det med maurtuer. Maur har ein meir raffinert byggeteknikk enn dette, for no ser eg at bygga består av betongkubar som er stabla oppå kvarandre.

Eg gøymer meg bort ei stund, i påvente av at eg skal kunne gjera nye observasjonar. Ingen må sjå kva eg gjer, dei ville kan hende ha fått ein trong til å fjerna meg om dei oppdaga meg, for

Eg sit stille under eit tre.

Sola går sin gang over himmelen, og då ho er komen eit godt stykke over halvvegs til horisonten, kjem vesena ut frå bygningane, som om dei vart klemde ut av ei tube. Skuldrene deira vert no haldne oppe like under øyra. Det må ha ein funksjon eg ikkje er klok nok til å sjå.

Nokre stiller seg på eit lite stykke golv som beveger seg nedover, for så å gå inn i eit rom som beveger seg bortover. Blikka deira er som før, og inne i dei små romma vert det endå vanskelegare å la vera å sjå på kvarandre.

Dei som ikkje forsvinn frå det tåkelade området, blir sittande ved små bord og hella i seg ei ny væske. Denne er gylden og vert servert i glas. Varmen får glasa til å sveitta.

Brått er det som om dei oppdagar kvarandre. Den eine seier noko, men denne gongen utan leidningar i øyrene, og den andre ler høgt, som om det skulle vera ein form for bevisst respons. Nokon tek til å bevega seg. Det ser ut til at det skjer i samband med energirike bølgjer som vert sende gjennom lufta. Dei dannar etter kvart par, og eg tenkjer at eg no er vitne til paringsritualet. Kroppane deira strekk seg mot kvarandre, dei rettar seg opp og rører ved kvarandre. Pupillane skannar kroppar, og no er det ingen tvil om at dei verkeleg ser på kvarandre.

Lyset forsvinn medan lydane vert sterkare. Eg noterer meg eit spørsmål til vidare studie: Kan dei også sjå inn i kvarandre, slik som me gjer heime?

Kommentarer

Anonym sa…
Jeg falt for dette innlegget! Jeg synes beskrivelsen var både morsom, nydelig og bitte litt skremmende!
PerMS sa…
Utanfråbikket er av og til så skarpt at ein kan skjera seg på det.
Astri sa…
eg vente i spenning på et nytt bloggeinnlegg. og eg håpe virkelig at du velge å ta med et av de nydelige diktå dine. eg personlig stemme for kvisediktet;)
Fru K sa…
Teksten er basert på ei kjensle eg fekk på trikken, der er så snodig å sjå menneske som går rundt i eigne univers og snakkar med seg sjølve.

Eg håper også på nytt innlegg snart, men eksamenstida har visst punktert kreativiteten. Skal prøva! Må tenkja litt på om det er passande med dikta me skreiv til kvarandre på ungdomsskulen, dei har, kremt, ei litt anna stiltone enn eg ønskjer meg her. Men aldri sei aldri!