Lukka luftrom

For nokre dagar vart menneska tvungne attende til skjebnen som vingelause vesen. Ein kunne risikera å korkje koma seg heim eller vekk, om ein då ikkje var villig til å ta seg over landjorda på hjul eller føter.

Desse dagane voks verda. Vedunderleg, vil dei færraste seia.

Dei største ofra for denne utvidinga, er nok dei ferierande. Sjølv om dei ikkje flytta på seg, var dei ikkje lenger på ferie, dei vart plasserte i ein tilstand dei ikkje kunne rå over, og dermed vart paradiset til eit fengsel, uansett kor mange paraplydrinkar og solstrålar turistane fortærte. Og dei gråt og sutra i alle moglege media, sosiale så vel som usosiale.

Ein gong i gamal tid, var dei reisande rekna som heltar. Dette er sjølvsagd berre noko eg har lese om i gamle bøker.

Etterkvart tok ein til å stilla spørsmål ved dei reisande sin feiande flotte status. Kvifor skal dei få heltetittelen når dei berre gjer det som er forventa av alle menneske, der dei dansar den febrilske dansen som må til for å få utvida perspektiv og rammeverk, samstundes som dei trampar over jordkloden for å knusa fordommar?

Men så har ein jo denne marginale gruppa då, som ein for ordens skuld kan la vera å oversjå, for dei kan i det minste bidra til å heva alle dei reisande sin status opp eit par hakk, idet denne gruppa nektar å gjera som det blir forventa. Denne gruppa med menneske, kva skal ein kalla dei,

slike som ikkje vil utfordra eigne grenser,
slike som føretrekk å kommunisera med folk som har vekse opp i same språk- ja, kanskje til og med dialektsamfunn som dei sjølve, og som ikkje har lyst å læra tunga si å lika flest mogleg matrettar.
slike som er nøgde med det dei har, og ikkje føler noko behov for å sjå tinga sine frå nye vinklingar,
slike som ser på togturen inn til byen som ei stor hending som det er verdt å skriva om i brevet dei sender til kusina på andre sida av fjorden,

slike som ikkje veit
å gripa alt det fantastiske det svevande mennesket jagar etter. Dei er så tilfredse at det er til å bli gal av!, kan me sukka, alle me som veit at me må lengre ut, stadig lengre, og litt til, før me kan kalla oss verdsmeistrar over vår eiga sjel. *

Kva om oppkastet frå jordas indre held fram med å låsa luftrommet vårt så det å reisa faktisk vil krevja tid og krefter?

Me kunne koma til å slutta å utvikla oss! Me kunne koma til å måtte sjå på ein bekk for å få kvila i plassen for å dra til ei strand langt borte! Me kunne koma til å måtta halda oss heime! Og heime er vel ingen plass å vera for dei rastlause, rotlause, opne, oppdagingslystne menneska me har utvikla vett til å vera?

Er det så farleg, då? spør heimfødingen der han traskar til butikken i gummistøvlar og med eit sinn som får asfalten til å skinna. Stakkars vesen, kan ein seia, han veit ikkje kva han går glipp av, og så fort luftrommet har opna dørene att, er me optimistiske på veg oppover, me overvinn tyngdekrafta og sigrar over oss sjølve, og prøver å gløyma at nokon nett stengde døra utan at me kunne finna nøkkelen.


*Ei gruppe som ligg mellom dei som reiser på den rette måten og heimfødingane, er charterturistane. Eg vil ikkje her gjeva dei fleire bokstavar enn det eg nett har gjort.

Kommentarer