Grangen
Du trekk pusten,
og eg tek meg sjølv i å ønska at du ikkje skal spørja meg om kva eg tenkjer. Då måtte eg ha vore selektiv i forvaltninga av sanninga, og svart at eg tenkjer på grantrea sin klippefaste identitet, og at eg undrar meg over kor godt rusta treet er til å vinna dei naudsynte sigrane. Du ville ha smilt då, for eg veit du er glad i grana. Koplinga mellom oss og treet ville eg teia med, for i forlenginga av refleksjonane over naturens mirakel, spør eg meg om me er klar over kva kampar me må kjempa. Slik grana vel å kjempa seg fram til den høgaste trekrona i skogen, kunne me kanskje ha vunne stort, om me berre visste kva slags hær me utgjer. Men, innvender eg mot meg sjølv, me har jo det som skal til for å nyta augneblinken, så det er slett inga grunn til å endra det relasjonelle genmaterialet, for på vegen mot den seigliva, sigrande grana, vil fleire små grantre måtta bøta med livet, og sidan små grantre er det same som juletre, er det noko eg helst vil unngå.
Du pustar ut. Luftbølgja ber ikkje med seg ord.
Vatnet blendar, granene kviskrar.
Kommentarer