Visste du at Hufsa kan dansa?

Heile Mummidalen skjelv og gøymer seg når Hufsa kjem,
dei er angsten for det som ikkje har språk.

Sjølv grasstråa glitrar som diamantar idet ho kjem for nær.

I natt kjem Hufsa gåande på havet, på ein veg av frosne, salte dråpar. Mummitrollet ser ho koma.

Kan nokon forklara kvifor han blir ståande?

"Dance, darling, come on will you dance my darling.
Darling, there’s a place for us
Can we go before I turn to dust?"

Dansescena er å finna i Tove Janssons "Pappaen og havet". Songteksten er frå Joanna Newsoms "Monkey and bear".

Kommentarer