Jag etter vind

I dag kunne lokalavisa melda at nokon meiner det er ein god idé å setja opp telleapparat på Jærstrendene. Dette vil vedkomande gjera fordi det vil bli lettare å få plass på reiselivstatistikkar om ein kan visa til konkrete besøkstal. For, som intitativtakaren seier, det er ein skam at ikkje fleire turistar får oppleva strendene. Difor må dei lokkast hit. Eit edelt ønske!

Eg har for lenge sidan innsett at verda mi er infisert av marknadsinteresser, og at eg truleg burde vera takksam for at dei passar på meg. Korleis var livet mitt utan kapitalismen? Det blir hypotetisk å snakka om kva eg var utan pengemaskinane. Ein kan jo spekulera i om ikkje det er nett desse maskinane som gjer at lungene mine kan henta inn luft. Og med tanke på at til og med tida er pengar, ville eg nok fått store problem om kroner og mynt forsvann frå folk sine hovud. Frå folk sine hjarte.

(Er også sjela infisert?)

Eg godtek at folk vil sjå verda som eit nettverk av uforløyst og forløyst marknadspotensial. Eg skal ikkje plaga dei. Dei får sitta der med den stusselege metaforen sin og fjerna seg sjølve frå alt som ikkje er lønnsamt. Har dei ein kropp og ei sjel utan potensial, får dei sjå å få vidareutvikla seg i tråd med marknadens siste skrikande krav. Det er meg rivnande likegyldig. (Her overdriv eg. For eg er glad i menneska og liker ikkje å sjå på at dei øydelegg seg sjølve. Men så har dei jo fri vilje og kan dyrka fram både vett og forstand om dei ønskjer.)

Om nokon ser ei vare med uforløyst salspotensial når dei ser utover dei mektige strendene, er det trist for auga som ser. Eg kan ikkje nekta dei å sjå verda i dei fargane føretrekk. Men no tek derimot pengeslavane til å plaga meg med sjølvplaginga si.

NÅR DEI VIL SETTA OPP EIN TELLEMASKIN PÅ STRANDA MI, VERT EG IRRITERT.

Ja, eg kan seia at stranda er ”mi”. For det er slik eg ser på ho, me er nært knytte til kvarandre, og kvar gong eg besøker ho, bles ho sjela mi rein. Men eg prøver ikkje å få andre til å innsjå at stranda er mi. Eg set ikkje opp skilt, og eg lagar ingen lover som eg får andre til å følgja ved å truga dei med å fylla lungene deira med sandkorn om dei er ulydige.

Då treng vel heller ikkje kapitalistane pissa på sanddynene mine ved å tvinga meg til å sjå ut som ein kunde som liker produktet deira?

Eg oppsøker stranda for å sjå noko som er fritt frå alt som heiter kapitalisme. Ein kan vel seia at eg jagar etter vind på ein vakrare måte enn marknadsmenneska gjer det.

Det er ikkje til å tru, men det eg skriv no er sanning: Bølgjene, vinden, sandkorna og skyene som jagar over himmelen, er fenomen som eksisterte før menneska fann opp pengane.

Til slutt eit velmeint tips til reiselivsbransjen i regionen: Om stranda blir like hyperkapitalistisk som tåka over Tyskland og osen over Oslo, trur eg turistane vil mista interessa.

Kommentarer