Frk. K om tru

Intervjuobjektet sit bak skrivebordet sitt og ser på ein nitrist bølgjeblikkvegg. Ho insisterer på å høyra på ”The white stripes”. Eg kjem med innvendingar, slik musikk er ikkje eigna til å skapa det tankerommet eg vil møta ho i. Kva med noko meir sakralt? Forslaget mitt blir møtt med eit løfta augebryn. - Du vil manipulera sinnstemninga mi ved hjelp av musikk? Ja, det kan me vel ordna, seier frk. K og søker opp Arvo Pärt på Spotify. ”Miserere”.


Eg prøver å hugsa kva spørsmål som vert stilte i Vårt Land sine ”Min tro” - intervju, for eg har til intensjon å skamlaust kopiera sjangeren. Men ho tek ordet før eg får stilt det fyrste spørsmålet. - Eg veit ikkje om det er lurt av deg å intervjua meg. Trua mi er i ein mellomfase, og eg veit ikkje kvar neste steg går. Orda mine kan koma til å bli tåkete, og lesaren vil ikkje føla seg oppbygd, seier ho. Eg takkar for åtvaringa og minner ho om at det er på hennar eige initiativ eg er komen.

- Kva tyder trua di for deg i kvardagen? - Med det spørsmålet presupponerer du at eg har ei tru. Men lat oss seia at eg har det. Då er spørsmålet vanskeleg å svara på. Til tider kjenner eg meg som Peter, han som fornekta. I situasjonar der det ville ha vore naturleg å seia at eg trur at Jesus lev, vel eg heller å teia. Etterpå overbeviser eg meg sjølv om at det var rett å halda kjeft, at eg gjorde det fordi eg skyr diskusjonar som ikkje har noko å gjera med kjernen i det livet eg ønskjer å leva. Men eg trur godt eg kunne ha prata meir frimodig, sjølv om diskusjonar så lett endar i korstog, heksebrenning og retorikken til kristenleiarar eg ikkje ønskjer å identifisera meg med. For å vera ærleg, så let eg vera å diskutera fordi eg er redd for å tapa diskusjonen, mista andlet, bli oppfatta som dum. Det er ikkje det at andre ikkje viser meg respekt, problemet er snarare at eg sjølv ikkje respekterer møtet mitt med det punktet der eg må seia ”dette forstår eg ikkje, men eg trur svaret ligg hjå den guden eg trur på”. Eg venter på hanegal og på at Jesus skal spør meg om eg elskar han, seier ho og tek ein slurk av tekoppen med Tussi - motiv.

- Kvifor trur du? - Truleg trur eg fordi det er dette eg har lært at er sant. Då eg var lita var eg med foreldra mine i kyrkja, og i dei åra då identiteten min tok form, var eg ein del av eit kristen miljø. Førebileta mine var entusiastiske kristne. Men det korrekte, kristelege svaret vil vera: Eg trur fordi eg har fått trua i gåve. Den gåva alle kan få om dei vel å ta imot ho - Kvifor vel du då å svara ut i frå ein ikkje- kristen ståstad? - Fordi eg har lært å sjå meg sjølv som verda ser på meg. Ein nær ven av meg spurte meg nyleg om eg framleis var kristen. Eit slikt spørsmål indikerer at eg ikkje fortener tittelen ”lys i verda”. Er ikkje det ei synd? Å bli forma av verda sitt blikk?, spør frk. K utan å forventa svar frå den objektive journalisten.

- Kanskje eg bør stilla spørsmålet litt annleis. Kvifor har du ikkje slutta å tru? Frk. K er stille ei stund og ser ut til å lytta til songen frå dei håplause pc - høgtalarane. - Fordi det er eit verdsbilete som gjev meg fridom til å elska. Eg trur på kjærleiken. Nei, ikkje på den romantiske avarten, men på nestekjærleiken og på kjærleiken som er manifestert gjennom det vakre i verda. Om Jesus har knust vondskapen, om han har stroke ut synda mi, då kan eg læra å elska utan å vera bunden av den øydelagde delen av menneskenaturen. Då kan eg søka ei kjelde utanfor meg sjølv som kan gjeva meg meir enn det eg sjølv maktar å skapa. Då kan eg be om visdom frå Han som har nok visdom til å halda universet oppe. Det eg no seier finn resonans djupt inne i meg. Det eg høyrer frå talarstolen i kristne forsamlingar, får ingen liknande respons.

- Korleis er eigentleg forholdet ditt til andre kristne? - I dette svaret må eg vega orda mine nøye, for eg elskar dei kristne, sjølv om eg til tider viser eg dei manglande respekt og kjenner behov for å distansera meg frå dei kulturelle uttrykka deira. Men eg finn meg altså ikkje til rette i kristne miljø. Ikkje i dei eg har oppsøkt, i det minste. Det må understrekast at eg har mange nære, kristne vener som eg respekterer høgt. No kjem eg til å koma med karikaturar som skrik etter nyansering, men det er lettare å få fram poenga om eg tyr til generaliseringar, seier ho og tek ein pause etter at premissa for svaret er lagde.

- Eg opplev ein manglande evne til å stilla spørsmål, til å vera open for andre sine perspektiv. Dei, eller er det meir ærleg om eg seier me?, er så redde for at verdbiletet skal få seg ei ripe, at dei aldri verkeleg lyttar til det andre seier. Sanninga vert opplesen og vedteken, og i møte med folk som tenkjer annleis, vil innfallsvinkelen vera: ”Korleis skal eg få vedkomande til å innsjå at Jesus er sanninga? ” For ein kristen veit at han alltid har rett. Han er med andre ord ikkje den mest stimulerande samtalepartnaren. Men dei fleste kristne er i alle fall velmeinande. Dei vil jo berre at alle skal få oppleva å få livet sitt fullt av kjærleik av guddommeleg kaliber. Kven kan klandra dei?

- Problemet er at ein ikkje kjem utanom ein maktdimensjon. Kven forvaltar denne sanninga? Kven tolkar bibeltekstane? Kven sanksjonerer? Når kristendom skal gjerast om til eit levesett med fastsette normer for ei gruppe menneske, må ein gjera det med ein visdom få menneske sit inne med. Difor må ein som kristen diverre sjå attende på ei kulturell historie med korstog, heksebrenning, overgrep og leiarar som er blinda av glansen frå sin eigen maktposisjon. Og når ei kristen gruppe har kome fram til ei tolking dei kan lika, har dei ein tendens til å klamra seg til denne tolkinga på ein måte som ekskluderer annleistenkande. Det heile kan dreia seg om bagatellar, men det vert likevel nok til å ta frå menneske trua og til at kristne ser på kvarandre med mistru. Når folk trur at Gud har opplyst dei, når dei vert stolte, fører det fort til splitting og tragedie. Kristne har vore heilagt overbeviste om ting som historia har vist fram som skammelege feiltrinn. Dette burde gjera kristne meir audmjuke. Eg seier ikkje at dei skal ut i ein håplaus relativisme. Det må vera mogleg å tru at noko er sant samstundes som ein er villig til å etterprøva overbevisinga si. Så lenge hypotesen ikkje vert knust i møte med andre tankar, kan ein godt halda fast på han. Om dei kristne kunne stilla seg spørsmål ved kvifor dei er så overbeviste. Om dei kunne undersøka korleis bibeltolkingar fordelar makt og avmakt, ville ting kanskje sett annleis ut, seier frk. K. Eg skal til å formulera eit nytt spørsmål, men ho er ikkje ferdig med temaet.

- Her ein dag snakka eg med ein professor. Professoren hadde vore på fleire møte med Åleskjær på 80 - talet. Retorikken imponerte, og professoren skulle ønska at han kunne tru på det same som talaren trudde på fordi det såg så herleg ut å få folk til å seia ”halleluja” når ein kjem med eit poeng. Premissane som ligg til grunn for ein tale til kristne, er at tilhøyrarane trur det same som talaren. Dei er komne for å få bekrefta verdsbiletet sitt. Og når dei får bekrefta det dei trur, vert dei glade. Enkelt! Og farleg. Den kritiske sansen druknar i lengta etter eit samanhengande verdsbilete. Kor lett er det ikkje då å manipulera denne godtruande folkemassen? Når ein i tillegg nyttar musikk, vert det endå meir effektivt. Musikken framkallar sterke kjensler, og når ein kan gjeva uttrykk for desse kjenslene innanfor eit fellesskap, vert det knytt sterke band mellom medlemmane. Under desse forholda er det ikkje rart at velmeinande menneske plutseleg kan vera medlemmar av ei sekt som ikkje kan forholda seg til andre enn seg sjølve.

- Eg ser meg nøydd til å bryta av. Du snakkar deg varm når du snakkar om kva trua di ikkje er, men det eg er ute etter, er ein positiv definisjon av kva trua di er. Frk. K dreg augebryna inn mot naserota. - Eg sa jo det i starten! Eg trur at Jesus har gjort meg fri til å elska andre enn meg sjølv. Eg trur at Han døydde og stod opp att, og at syndene mine vart gjort opp for. Ja, eg tru at alle menneska sine synder vart betalte, så ingen av oss treng å døy om me heller vel å leva. - Du trur altså på desse gamle skriftene som er sette saman av menneske som søkte legitimering for maktutøvinga si? - Det er så mange som føler for å meina noko om Bibelens opphav. Kva bakgrunn har eg for å velja ut kva for ein vitskapeleg autoritet som er nærast sanninga? Eg testar heller ut det som står der ved å prøva å leva etter det. Og så langt eg kan sjå, er Bibelen ei kjelde til visdom, og Jesus sitt liv er eit radikalt eksempel på korleis menneske kan leva eit liv i kjærleik. Jesus, kyrkja sin fyrste leiar, vaska føtene til dei han var leiar for. Så kristendommen er ikkje noko for dei som vil setta seg sjølv høgt. - Og du skal no ut og gjera alle menneske til disiplar? - Eg vil ut og smitta alle med fridomen eg meiner å ha fått. - Dei som ikkje tek imot, går dei til helvete? - Akk! Kva kan eg vel seia om livet etter døden? Eg trur livet etter døden er ein realitet. Eg meiner at æva kan gjeva menneska eit sunt perspektiv på livet her på jorda, det forhindrar i det minste overdriven dødsangst og gjev oss rom til å ofra mykje i dette livet i kampen mot det vonde. - Du svarer ikkje på spørsmålet mitt. - Eg trur mennesket må velja. Eg veit ikkje kva tid dette valet må bli teke. Men om eg skal kunna oppnå ei fullkomen glede i æva, må alle få ein rettferdig sjanse til å bli med inn i Guds nærvær. Skal det vera rettferdig, må ein ta eit opplyst val, ein må sjå det vonde og det gode i rein form for å velja kvar ein vil gå. Det kan ikkje vera meininga at folk skal gå til helvete på grunn av dei kristne sin skrøpelege framstilling av Gud. Gud må vera større enn oss, difor må rettferda vera fullkomen. Eg trur likevel det er bra for menneska å innsjå at det er frelst fortast mogleg. Dess fleire som lev i trua på Jesu radikale kjærleik, dess betre blir verda. Og eg påstår ikkje at kristne har monopol på nestekjærleik. Men eg trur vissa om ein Gud som gjev visdom og fred gjer det enklare å praktisera kjærleiken. Dessutan er der jo eit imperativ for dei som vel å tru: Du skal elska din neste som deg sjølv.

- Kva om det viser seg at det ikkje er sant og at du har underordna deg autoritetar basert på ei løgn? - Er trua bygd på løgn, vil ein forhåpentleg vis finna ut av det om ein våger å la trua møta alternative tankar. Eg vel meg denne trua. Skal ho vera noko verdt, må eg våga å stå opp for ho, eg må våga å leva ho, så får dei heller kalla meg dum. Er det hovmodig av meg å tru at eg lev i sanninga? Dum, hovmodig… Nokon sjansar får ein ta her i livet. Eg lurer på kva eg seier om du køyrer meg gjennom det same intervjuet om eitt års tid, seier ho med eit lite smil og eit sukk.

Kommentarer

Heidi sa…
Tanken gjev uro, tanken gjev sut, endå lyt me tenkja våre tankar ut.

Arne Garborg.
Fru K sa…
likevel ser det ut til at mange lev livet vakkert og vent utan å tenkja tankane ut. men eg seier som Arne. sut og uro naudsynte komponentar i livet mitt.