Flink jente! (sml. "flink bisk!")


Frå dag éin på skulen har ho svart riktig. Ho følgjer alle reglar, ho rekk opp handa og avbryt aldri med noko som potensielt kan vera usakleg. Berre når nokon plasserer ho i ein eksamensstol, slepp ho ut noko av det som svirrar rundt i hovudet hennar. Og på denne måten får ho eit karaktersnitt som ingen foreldre kan la vera å bli stolte over.

Når ein ikkje blir spurt, bør ein vera høgst forsiktig med å snakka. Ein kunne koma til å seia noko feil. Og den flinke jenta i klassen kan ikkje risikera noko slikt, for då ville alle dei andre innsjå at ho eigentleg ikkje er så overveldande flink og at alle andre eigentleg er vel så flinke. Då held ho heller orda klokleg inni seg, så kan dei tru at alt ho tenkjer er like smart som det ho ein sjeldan gong seier.


Om ho ein gong trur at ho har ein tanke som kunne tåla debatten, så tenkjer ho gjennom tanken ti gonger på leit etter fellande motargument og ting ho kan ha oversett, og etter denne eldprøva kan tanken kanskje sleppast ut gjennom det uregjerlege taleorganet.

Men då er dei andre ferdige med diskusjonsrunda, dei er over på neste tema, og i beste fall skriv ho ned det ho tenkte og seier det til ein ven over ein kaffikopp.

Ja, for no har jenta kome seg inn på universitet og blitt autorisert kaffidrikkar. Og til sin store skrekk fekk ho høyra av ein professor at det er dei som ikkje er pliktoppfyllande som blir store forfattarar.

Smart som ho er, innser ho at ho må slutta å vera flink for å bli dyktig. Ho må framføra initiativa og argumenta sine med ein sjølvtillit ho ikkje eig, og ho må våga å sleppa tunga laus og dermed stå i fare for å bli avslørt som dum.


Og så må ho slutta å tenka innanfor boksen dei korrekte svara har mura opp kring hovudet hennar.

Gud hjelpe meg, tenkjer ho, og innser kor mislykka ei flink jente som ho eigentleg er.


Gratulerer med dagen, alle kvinner! (sjå publiseringsdato). Nokre ord til høvet: Det er ikkje særleg in å vera sint på menn, så kven kan eg då klandra for at eg ikkje er så frigjort som eg skulle ønska?


Kommentarer