Det bankar på døra. Eg venter då ikkje besøk?
Eg opnar opp og får sjå ein eg ikkje har sett på lenge. Han ser på meg med store auge.


Eg kvir meg. Men eg veit han vil bli ståande bak døra mi og sperra vegen ut om eg ikkje er villig til å møta han no.

- Takk, seier han idet han står i entreen og tek av seg skorne.

- Du gjer lurt i å sleppa einsemda inn frå tid til annan, seier han så.

Eg nikker. For eg veit.

- Så lenge eg er trygg på at du er borte når eg vaknar i morgon tidleg, gjer det meg ingenting å ha deg på besøk, seier eg.

- Men du vil la meg sova saman med deg?

Eg svarer med eit skuldertrekk. Einsemda ser på meg. Han teier.

- Kva vil du eg skal seia?, spør eg.

- Det er du som må tilføra møtet vårt ord, eg møter ingen, altså har eg ikkje språk.

Eg smiler. Han er så lik seg.

- Du er heldigvis blitt meir for meg no enn den gongen du berre var eit trykk i brystet og eit sug i magen. Du har lært meg at mennesket er fødd aleine, at det døyr aleine, og at mellom død og fødsel kan prøva så godt det kan å finna andre menneske å leva saman med, men at dei som vel å oppretta ein venskap eller eit kjærleiksforhold alltid må ha fridomen til å gå. Dei blir gjerne verande ei stund saman, men når dei går fordi dei døyr eller fordi dei vil finna på noko anna, då kjem du på besøk og viser meg andletet som berre er mitt, som ikkje er spegla i ein annan sitt blikk. Det er klart, du ville ha gjeve meg angst om eg ikkje visste at eg kjem til å møta menneska att, og at eg i møte med desse vil få eit sannare og meire samansett bilete av meg sjølv.

Han peiker på ei jente som sit i stua.

- Nei, eg vil ikkje snakka med ho. Eg veit at du vil forsvinna om eg opnar munnen, og no som du er her så intenst som du er, er det noko ved deg som gjer at eg trur du er meir verkeleg det enn ho er. Det er difor du må gå frå meg medan eg søv.

Einsemda smiler til meg. Sjølv han set pris på å vera nokon sitt fyrsteval. Me legg oss i senga, eg sløkkjer lyset, og kanskje ser han at det glitrar i ei tåre i augekroken min før mørkret tek oss.

Kommentarer

Heidi sa…
Flott tekst, Kristine.