Alice in no-wonderland

Regissøren Tim Burton veit å skapa ei vakker, kontrastrik og fantasifull filmverd. Men eg vart likevel skuffa over Disney sitt siste forsøk på filmadapsjon av Lewis Caroll sin ”Alice in Wonderland” og "Through the Looking Glass"*. Filmmanuset, skrive av  Linda Woolverton, kan i beste fall seiast å vera basert på boka. For boka og filmen er berarar av ulike historier som presenterer to vidt forskjellige syn på omgrepet fantasi.
No er det ei stund sidan eg las boka, men eg meiner å hugsa at det heile var herleg surrealistisk, ei verkeleg eventyrverd der tyngdekraft og andre keisame, fysiske og logiske lovar var sette ut av spel. Det fine er at ein har massevis av lause trådar å spinna vidare på når ein lukkar boka. Boka let vedunderleg mykje bli hengande i lause lufta.

**Spoiler Alert!**

Men det ser ut til at Disney ikkje ville at folk skulle ha noko særleg å tenkja på etter teppefall. Tilskodaren får i dei siste scenane sjå korleis Alice har teke lærdom av alt som har skjedd i fantasiverda, og alle brikkene i livet hennar fell perfekt på plass. Så vidt eg kan sjå, har dei aller fleste negative karakterane i fantasiverda sitt motstykke i Alice si verkelege verd. Desse karakterane er ute etter å avgrensa Alice sin fridom som vaksen. I slutten av filmen serverer ho dei alle personlege, skarpe kommentarar som viser at Alice er blitt ei sjølvstendig kvinne. Larven som blir til sommarfugl i løpet av filmen, er ein treffande og tydeleg metafor på kva som skjer med Alice. Hurra, hurra, for Alice.

Er ikkje historia til Caroll meint å vera ein veg inn i menneskets fantasiverd der ting ikkje er gjennomsyra av fornuft?

Det irriterer meg at filmen er blitt ein snusfornuftig fabel om det å bli vaksen, der Alice ender opp som sjølvstendig, næringsdrivande kvinne. Filmskaparane har klart å få kunsten, fantasien og fridomen til å bli eit middel som får den unge kvinna til å bli eit perfekt tannhjul i kapitalismens maskineri. Disney-moralisme på sitt mest kvalmande og amerikanske lågmål. (der tok eg kanskje litt for hardt i, gitt! men det er herleg å bruka sinte ord ein gong i blant.)

Eg tviler på at denne drastiske endringa i historia er gjort for barna si skuld. Barn stiller sjeldan krav til at moralen skal stå tydeleg fram og at alt som er rart skal bli forklart. (Eg kjenner svært få barn, så kanskje eg ikkje burde uttala meg om kva dei liker. Men eg har god kontakt med barnet i meg sjølv. Ho liker vakre, rare ting, seier ho.) Kvifor må ein redusera alt som svirrar, flyg og virrar rundt i hovuda våre til fornuft på denne måten?

La fantasien min løpa løpsk utan at det gjer meg til næringslivstopp!

Men for all del, filmen er fin, den. Om eg hadde visst betre, hadde eg gått ut av salen ti minutt før filmen slutta. Då ville eg ha vore nøgd.

*Eg har ikkje lese "Through the Looking Glass". Men etter ein kjapp wikking, kom eg fram til at det eg stiller meg kritisk til ved filmen, ikkje stammar frå denne boka. Det er mogleg eg tek feil og at Alice i denne boka faktisk øydelegg fantasiverda si på same måte som filmen gjer det.

Kommentarer

Ragnhild sa…
Amen! ;) Maraton i å nøste opp tråder i slutten av filmer (á la den siste Ringenes Herre-filmen) funker alltid skremmende dårlig egentlig...

Jeg holder på meg Trough the looking glass akkurat nå faktisk, og nærmer meg slutten. Og foreløpig er det rimelig surrealistisk, men kanskje noe mer målrettet enn Alice in Wonderland. Jeg får vel vente i spenning og se om slutten ødelegger...
Fru K sa…
Vil du anbefala boka? Er ho like fin som den fyrste?
Ragnhild sa…
Eg vil anbefale den ja. Like bra? Tja... Gøy i alle fall :) Og absurd selvfølgelig ;) Du kan jo låne den hvis du vil!
Fru K sa…
ja takk!