Tårene som aldri kom




Eg frykta Romeo og Julie ville få meg til å gråta. Nationaltheateret skulle vel ikkje ha vanskar med å manipulera kjenslene mine i den retninga når dei set opp ein slik storslagen, romantisk tragedie?

Men då Romeo og Julie tok sine siste sukk på ein sovesofa, då var eg nøgd med det som skjedde, for det var nett dette som måtte skje.

Kan hende det var noko med stykkets regi som gjorde at eg ikkje vart emosjonelt involvert på den måten eg hadde forventa. Språket var ei blanding av Shakespearske vendingar som ingen lenger ville funne på å ta i sin munn (skal eg samanlikna deg med ein sommardag, kanskje?) og nyskapingar innanfor bannskap og grovt snakk. Musikken veksla mellom dansbar poprock og klassisk song. Desse vekslingane etablerte ein distanse mellom meg og det som vart fortalt, som ikkje var negativ, snarare interessant.

Dei elskande vart framstilt på ein tragikomisk måte. Når Romeo stel solonummeret frå ei skolert songarinne og gaular ut sjela si, og når Julie stadig strekk seg oppetter ein vegg som ei sjuk katte, vert dei begge ganske så patetiske i si lengt etter kvarandre.

Desse to forelska tåpane er omgjevne av menneske som nærmar seg kvarandre med harde kyss og krasse, erotiske omfamningar, når dei då ikkje hatar kvarandre så intenst at dei trugar kvarandre med knivar.

Det er klart dei blinde idiotane må gå under. Ingen som let seg så velvillig blenda av den andres venleik kan unngå å bli ført utfor stupet. Fjollete kjensler som det Romeo og Julie nærar kvarandre, dei er nøydde til bli fjerna før dei gjer større skade. Så gjev kjenslene gift eller la dolken få ei slire i form av ein magesekk. Slik får forelskinga ei fornuftig ende. Hurra!

Kommentarer

Ragnhild sa…
Litt merkelig, men eg likar det :) Hehe. Ganske kynisk, men på ein måte forfriskande... :P
Fru K sa…
eg er jo ikkje den som har størst grunn til å tru at forelskingar kan få ein lykkeleg utgang, så for meg var det greitt med ei romeo og julie - oppsetting som kunne passa til mi oppfatning av røynda. heller hard og kynisk enn mjuk og sårbar... ;)

men for all del, du er jo eit levande eksempel på at forelskingar kan gå bra, fru. lukkeleg og nygift!