Om keisam film

Dei siste åra har eg prøvd å læra meg å sjå keisame filmar.

Ja, målet mitt var sjølvsagd å framstå som finkulturell og intelligent. Det er Blindern - jenta si, det.

Eg har i stor grad lykkast. Mykje tyder i alle fall på det når eg klarer å oppvisa genuin entusiasme i møte med ein film som ber tittelen ”Stille lys”.

No vil eg fortelja alle andre at det faktisk er bra å sjå slike filmar. Med ”keisame filmar” meiner eg å referera til film som ikkje har ei drivande handling og som sjeldan fyller ein kinosal.

Om handlinga i ein film ikkje er oppslukande, kva kan filmen ha å gjeva meg? For er ikkje poenget å bli driven inn i ei anna verd eit par timar, og oppleva sterke og uforpliktande kjensler?
Ein kan ha som tommelfingerregel at sjølv om ei scene tilsynelatande er uinteressant, så kan ein vera viss på at regissøren har ein tanke bak at ting ser ut nett slik dei ser ut.

Så då er det berre å bruka auga!

Og kva skal ein oppdaga?

Kanskje noko vakkert eller finurleg som kan få ein til å sukka, smila eller nyta? Eit døme er fluga som ser ut til å tusla tilfeldig over kameralinsa i den franske filmen ”Jules et Jim” (kyssescena Amélie ser på kino i ”Le fabuleux destin d’Amélie Poulain”). Det er eit smiledøme. Eller i filmen ”Stille lys”, der lyset og landskapet er så vakkert at det er til å sukka av.

Jaaaavel. Eit lite smil eller ei lita nyting. Det veier vanskeleg opp for mangel på action, kan ein innvenda. Og det er ei heilt ærleg sak. Eg veit at ikkje alle har same smak som meg, og godt er det, verda ville ha vore fattig om alt smakte likt for alle.

Filmen som medium gjer det mogleg å visa fram ting som ein elles vil oversjå, filmen kan tillegga desse tinga verdi, og dermed gjev filmar meg trening i å sansa omgjevnadane mine på ein rikare måte. Punktum.

Ikkje sjeldan er det menneskeleg samspel som er filmens fokus. I handlingsmetta filmar, må karakterane spela ut rolla si for å driva forteljinga framover. Keisame filmar har den fordelen at samspelet går i eit tempo som ligg nærare det kvardagslege. I enkelte treige filmar, får menneska hovudrolla, og dei kan utfolda seg så sakte, overraskande og tilsynelatande irrasjonelt som dei vanlegvis gjer det. Eg veit ikkje kvar filmen kjem til å enda, for poenget her er ikkje at helten skal få mannen ho vil ha, eller at ho får teke knekken på eit par skurkar. Målet er vagt, dermed er det stort rom for overraskande vendingar. Eg likar det når menneska ikkje handlar skjematisk!

Når det er snakk om studie av menneske, vil eg nemna to filmar av Jim Jarmusch, ”Coffee and cigarettes” og ”Night on earth”. I førstnemnde film er konseptet at to menneske møter kvarandre over ein kaffikopp. Og så pratar dei. Typisk for ein keisam film det der, alt pratet! Men praten er nydeleg! Likeså nydeleg som eg synast prat er utanfor fiksjonen. Det same kan seiast om ”Night on earth”, men der er det møte mellom taxisjåførar og passasjerar som vert viste fram. Særleg i denne filmen er det store kontrastar mellom menneska som møtast. Eit døme er scena der ein pater praiar ein taxi i Roma og blir sittande å høyra på taxisjåføren sitt ganske så saftige skriftemål. Pateren får hjartestans.

Sjå menneska! Sjå kor ulike me er, sjå mangfaldet og konfliktane som blir skapte mellom oss!

Ja, dette finn eg altså underhaldande. Men det skal seiast at det tok si tid før eg lærte å setta pris på treige filmar. Eg angrar ikkje på at eg utfordra meg sjølv til å utvida horisonten min litt, sprenga meg ut av Hollywood - boksen ved hjelp av ein god dose tålmod. (det er ikkje dermed sagt at ein smal film automatisk er ein god film. og eg seier ikkje at eg ikkje liker morosame filmar. eg kan trøysta lesaren med at eg liker både "Fight club" og "The dark knight".)

Kommentarer

Kontrabass sa…
A propos treige filmer, sjå The straight story av David Lynch, om du ikkje allereie har gjort det. Enig med deg om Jarmusch-filmane :)
Fru K sa…
takk for tipset! du har han ikkje tilfeldigvis til utlåns? :)