Han er på toppen av eit fjell,
og kan ingenting anna enn gråta.

For han trudde det var dette han lengta etter, der han gjekk nede i det grå tåkehavet, ja, det måtte vera det snødekte landskapet som mangla, den skrikande stilla og dei utviska veggane.

Men lengta teier ikkje her, ho seier seg ikkje nøgd.

Heller veks ho i styrke, vrir seg og tvinger han til å kvila tungt på skistavane.

Han får det for seg at han må snu, venda attende til bråket som får han til å innsjå at det er det urøyrte han lengter etter, for trass alt er dette noko han kan trøysta seg med at er til, det er noko han kan nå fram til om han berre tek helga fri og vender larmen ryggen.

Det formørkande klarsynet på toppen av fjellet, det er det nok best om du gløymer

Kommentarer