Fluga sitt vintereventyr


Det knitrar i Jøtulen. Varmen utvidar det lafta tømmeret som utgjer veggane våre. Utanfor tronar majestetiske grantre. Dei er kloke nok til å behalda dei djuptgrøne kleda sine på i vinterkulda. Etter to dagar har stilla slutta å susa i øyra mine, trommehinnene er blitt vane med ho, og tidskjensla mi er amputert.

Orda i lufta minkar i tal og volum. Og eg kan seia: Det skumle med den lange stilla er at ein må stola på at den andre ikkje sit og er lei av selskapet. Elles er den lange stilla berre god.

Om det var nokolunde slik Olav H. Hauge budde, er det ikkje rart at dikta hans fekk den forma dei fekk. Kvardagane kviler. Vedfamnane er fulle. Det synast umogleg å skriva pompøst og støyande. Eg tek opp pennen for å skriva eit dikt om fluga i glaset, ho me har vekt frå vinterdvalen.

Eg legg pennen på den vovne duken, studerer resultatet. Tek så pennen fatt att, og stryk ut alt bortsett frå orda ”svevntunge bein” og ”fasettauge".

Poesien er eit uregjerleg vesen. Slik som dette skulle eg gjeva mykje for å kunna skriva:

”Det var lite for deg/men mykje for meg./ Eit smil då det gjaldt/og eit handtrykk var alt./ Tåre, du tarv ikkje falla./ Eg veit at du er salt.”

Korleis kan Hauge skriva så enkelt, så djupt, så kvardagsleg, så kort og så klisjéfritt som dette?

Eg tenkjer at eg like gjerne kan legga pennen på hylla. Kva skal verda med ordsamansetningane mine? Alt er sagt tidlegare, alt er sagt betre. Eg har berre denne jålete frasa å koma med: ”Eg skriv fordi eg er eit skrivande vesen.”

I vindaugskarmen ligg fluga på ryggen. Eg går bort til ho, studerer beina som spratlar, og bles på ho så ho får snudd seg.

Attende på stolen, bestemmer eg meg for å avslutta jakta på orda som eg så gjerne vil fanga og binda saman til setningar. I det minste for i dag. Vil ikkje orda koma, så kjem dei ikkje, det er ikkje sant at ein kan skriva om ein berre har viljestyrke.

Eg lukkar munnen, lukkar handa og let stilla lukka meg inne i augneblinken. Fluga surrar. Ho veit lite om at dei som varmar rommet snart skal reisa. Blåtimen fell på andre sida av ruta, og stearinlysa strir stille mot mørkret. Lenger enn dette, rekk ikkje orda.

Kommentarer

Kontrabass sa…
Det høyrtes nydeleg ut. Den stilla vil eg òg kjenne på. Om eg tør
PerMS sa…
Du har vel kanskje lese Anna Gavalda; "Saman er ein mindre aleine"? Det er for tida mi leseverd på toget mellom B og S. To daglege halvtimar med bok i fange. Ei velsigning.
Og akkurat når du skriv "Eg tenkjer at eg like gjerne kan legga pennen på hylla.." les eg nesten det same i boka: Ein usynleg og seig kamp inne i Camille som har kasta inn handkledet som kunstnar. Er berre på s 202 av 611 og reknar med at ho tek opp hankledet att før boka er slutt. Man kven veit.. Gler meg til flerie togturar.
Fru K sa…
Runar: ta sjansen og hald munn. (huff, var det krasst sagt av meg? meinte det morsamt)

Per: Eg har lese boka! Fine karakterar. Slike bøker er farlege for dagdraumarar som meg. Dei er i same gate som filmen om Amélie frå Montmartre som får ein til å tru at verda er magisk.

Diverre har eg sett filmatiseringa av boka, så no har karakterane funne ein annan form utanfor hovudet mitt. Camille er alt for pen i filmen. Men slik må det vel vera.
PerMS sa…
OK. No har eg lese resten og les poenget ditt- Gavaldaboka var bare eit tiulfeldig tjuvlån frå frua sitt nattbord. Eg skal slett ikkje sjå filmen. Men for ein gammal toglesar som har slutta å dagdrøyme, nesten, (kanskje fordi verda viste seg å verda meir enn magisk nok) er det stadig sterkt å vera vitne til at nokon får leganda si fortalt med skrå forfattarkjærleik. Må av og til la emotankane få norkre små sekunds kvile over Frøylnadvatnet eller Gandsfjorden, så er eg i gang igjen. Og no: Vidunderbarn.