Offentleg estetikk

Eg går inn på Nationaltheateret t-banestasjon, retning aust. Veggane i gangen er tapetserte. Ikkje for estetikkens skuld, ånei, ein skal ikkje fyrst og fremst dekorera det offentlege rom for å gjera det vakkert.

Retusjerte kvinner dekkjer kvar kvadratcentimeter av veggareal og søyler. Kvinnene må vera minst to og ein halv meter høge, og dei stirer på meg og alle dei andre som må gå her for å koma dit dei eigentleg skal.

Kjempane krev merksemda mi. Som om eg ikkje hadde nok å tenkja på frå før av, så skal eg no ta stilling til undertøy

– og min eigen kropp, dei vil at eg skal samanlikna meg sjølv med gigant - barbiane og ønska meg likare, og aller helst skal desse tankeprosessane skje i det umedvitne, så eg trur at det er mi eiga vilje eg følgjer.

Kvinnene har på seg den nyaste undertøyskolleksjonen til H & M, laga av ein superduperdesigner eg aldri har høyrt om. Frå ei venninne som jobbar på H & M, får eg høyra at køane er slangelange ved slike salslepp.

Eg går saman med ein mann. Han smiler då eg kommenterer det ekle tapetet, og seier at han nok kjem til å ta denne omvegen fleire gonger, for dette var ein fin start på dagen.

Kommentarer

Anonym sa…
Sagt annerledes:
De fleste mennesker vil bedras. Det er fryktelig slitsomt å prøve å la være. Men det letteste er sjelden det høyeste. Det finnes ingen snarveier. Til slutt er det slutt, heldigvis. Det gjelder både pupper i to dimensjoner og vi som må betale prisen for å se på dem.

God jul, beibi.

J
Fru K sa…
Kven seier at ikkje også definisjonen av det høgaste er eit bedrag? Kan det lettaste like godt vera det med høgast verdi? Kva om livet er meint til å levast med så lite motstand som mogleg? Eller, kva om det berre er teit å stilla spørsmål til det som slår oss i andletet? Då er livet fullt av snarvegar!

Tautologien (usikker på om ordet er rett brukt. er det?) om slutten presumerer at det er ein slutt. Kva om?... Nei, nokon ting MÅ i det minste ta slutt, det seier intuisjonen min, og ho bryr seg lite med logiske armgument.

Kommentar til min eigen kommentar: Det får då vera måte på spørjeteikn. Eg skuldar på jula. Ho er så full av ropeteikn at eg ikkje får stilt min daglege dose spørsmål.

Sukkar du og himlar så smått med auga no? Det gjer du rett i, makan til meiningslaus oppgulpkommentar som ikkje burde bli publisert, skal ein leita lenga etter. Men eg følte for å hakka litt på den allereie skrantne etosen min.

God jul, kjære deg
PerMS sa…
Står aldri i slanglange køar ved salslepp, men kosa meg med orda.

Eg likar også godt når du svingar spørjeteiknet og kappar nokre bardunar. Ikkje akkurat nokon berserkgang, men nok til at pluggarar og strammarar må i arbeid. (Tauteologar?). Dei er det mange av. Hald dei i arbeid!

Gromgod romjul til deg og dine. Måtte 2010 bli eit jubelår for etosen, om han endar i småbitar, store bitar eller i heile ringar.