Ettermiddag på biblioteket

Ein lånar leverer inn ein cd med arabisk chillout – musikk før han finn seg ein pc og koplar seg på omverda. Ute er det vinterkaldt og dei mange asylsøkarane som må gå den lange vegen frå mottaket for å koma hit, spør seg om det no kan bli kaldare. Dei er unge menn som har fått liva sine sett på pause, og eg skal ikkje her legga skulda på norsk innvadrings – og asylpolitikk, men heller på det skakkøyrte samarbeidsprosjektet som vert kalla for verdssamfunnet.

Ein mann med Stavanger – dialekt fortel at han no har lese nokre bøker som ikkje fell innanfor krimsjangaren. Eg spør om han er interessert i å lesa ei anna bok av Mark Haddon. Nei, no er det på tide med litt meir krim. Han spør om boka eg har funne til han er på nynorsk. Eg forsikrar at boka er skriven på bokmålet. Mannen smiler og seier at han nyleg prøvde å lesa på nynorsk, men at det var som å lesa engelsk. – Det er berre øving som skal til! seier eg medan eg fryktar at eg må bytta målform for at nokon i det heile skal forstå det vesle som er forståeleg i tekstane mine. – Øving? I min aldar? Nei…

Ein kulturformidlar trillar tralla si mellom hyllene. Ho er ei middelaldrande kvinne som veit kva bøker som er bra og kva bøker som er dårlege. Blikket ho rettar mot hyllene er kvasst som eit rovfuglblikk på jakt etter det ho kallar "ræl". Stygge bøker må bort, og det same gjeld bøker som ikkje er blitt lånte på nokre år. Sjølv om boka vart lånt 5 gonger i 2007, så er ikkje det nok til å redda livet hennar. Idealet er at hyllene skal vera ein tredjedels tome. Ikkje fullare. For om hyllene på dette vesle biblioteket skulle vera fulle, bognande av bøker, så er visst ikkje det ein bra ting. Det må sjå innbydande og luftig ut. Nett som i butikken.

Eg tek meg sjølv i å vera konservativ og romantisk. For eg liker å skanna overfylte hyller med blikkert mitt, for så å velja ut ei bok som eg ikkje har høyrt om før og som heller ikkje ein formidlar ville ha fortalt meg om. Og eg liker risikoen dette utgjer: For eg kan enda opp med ei dårleg bok. Det har eg sjølvsagd gjort eit par gonger. Det er ei herleg kjensle å bli så sint på ei bok at eg ikkje les meir enn 20 sider.

Men no er det middeladrande kvinner som meiner dei veit kva som er leseverdig, som skal bestemma kva eg snublar over i hyllene. Dersom eg plent vil ha tak i ei bok som ingen andre les og som ingen vil at eg skal lesa, så kan eg alltids få ho tilsendt frå Oslo. Der må dei heldigvis ta vare på alt.

2010 er utnevnt til å vera leseår i Noreg. Ein skremmande stor andel av Noregs befolkning er funksjonelle analfabetar, noko som tyder at dei nok kan få bokstavar til å bli meiningsfulle ord, men at dei ikkje klarer å forstå ein meir komplisert samansett tekst. Ein kollega peiker på at dette kan bli ein fare for demokratiet. – Sjå berre på Berlusconi sitt Italia! Der er 50 % funksjonelle analfabetar. Eit slikt folk treng ein politikk som er lett å fordøya, og det dei får servert er brød og sirkus!

Sjølv om det no er så roleg på biblioteket at skrankevakta kan skriva denne teksten nokså uforstyrra, så håper eg ikkje at teksten fyrst og fremst kommuniserer at biblioteket er eit offentleg pengesluk som ingen har bruk for.

Kommentarer

Anonym sa…
Fine observasjoner! Viste teksten til Ragnhild, me flira og lo litt. Men eg våger ikkje visa til "den middelaldrande"... Astrid H.
Fru K sa…
Takkar! Eg har i grunnen nemnt dei tinga eg har skrive her til "den middelaldrande", men eg måtte diverre gå til toget, så diskusjonen vart hengande i lause lufta.

Håper på ein god vår hjå dykk, med høge besøkstal!