Det døve øyret

- Hald kjeft! roper ho.

For no er ho lei av å stira inn i ein mur av inkjeseiande ord kvar gong ho prøver å få augekontakt med deg.

Og her er det naudsynt at du ikkje handlar på impuls, at du ikkje dreg skuldra opp mot øyra for så å sleppa dei ned att med eit lydlaust brak før du stormar ut døra.

Nei, eg foreslår at du heller vender det øyret til som du tidlegare trudde at var det døve.

Det som vender innover. Mot dine eigne hjarteslag og magiske nervebanar.

Høyrer du?

No kan du sjå på ho att.

Du høyrer buldringa frå ramlande kampesteinar og lyden av ein rovfugl som lettar.

- Snakk til meg, seier ho.

Men bad ho deg ikkje nett om å halda kjeft?

Du opnar munnen, bøyer tunga med ufatteleg presisjon og presser luft ut frå lungene.

Du høyrer at du snakkar eit anna språk.

Desse nye orda er solide nok til å bera fram noko ukjend, noko ho ser på og kallar for tapa dine, for tap av tru, håp og kjærleik og med heile seg fortel ho deg om alt du med desse orda har vunne attende.

Kommentarer

PerMS sa…
Ikke kritikk. Du skriv spennande tekstar. Eg les nokre av dei fleire gonger for å koma nedover i laga som kanskje er der.... Man ikkje alltid får eg kontakt. Ikkje alltid tør eg stola på at biletet mitt liknar på biletet ditt. (det skal det vel?) Då føler eg meg litt teit. Eg dreg skuldrane opp og slepp dei ned att for å kjenna etter om teksten opnar seg då. Litt kanskje..
Fru K sa…
Ein kommentar eg kan lika!

(bileta våre treng vel ikkje vera like? )

Eg prøver å seia noko om å bryta ut av sirklar av tom kommunikasjon, om å bryta ned forsvarsverk og la vera å flykta når ein relasjon vert utfordrande, våga å vera svak for å kunne møta den andre.

Men denne bloggen er jo nett mitt tekstlaboratorium, eg jobber med å få tekstane til å fungera, det er sjeldan eg får det til, og eg liker å høyra det når ting er for uklare.
PerMS sa…
Les og likar. Det å vera svak (eller snarare visa seg svak) kan óg vera ei flukt frå utfordringane i nære realsjonar. Men å halda døra open når det bles kan kreva stor styrke.
Du skriv fint om eit komplisert tema. Likar godt lyden av rovefuglen som lettar. Likar også godt når du skriv om det å venda det døve øyret til som ei aktiv og lyttande handling. Innover.