Ballettens historie

Ein fuktig kveld for lenge sidan, kan hende har heile 600 år rulla forbi sidan den gong, sa festens moromann: - Kva med å kle tenarane våre i trikot og tutu og få dei til å dansa for oss på tåspissane?

Då kongen sjølv på dette tidspunktet hadde fått i seg meir enn det som er teneleg om ein ønskjer å framstå som ein klok monark, slår han seg på låret og bryt ut i latter over forslaget hans sjølv skal koma med. – Med tanke på at eg er allmektig, kvifor ikkje gjeva rom for dansen i den smale båsen me kallar finkultur?

Dronninga løfter venstre augebryn aldri så lite og ser nøkternt på forsamlinga. – Og kor lang tid trur du det vil ta før den sofistikerte adelen avslører spøken din og lattersalver kjem boblande frå folkedjupet, min kjære, allmektige spøkefugl?

Kommentarer