Kråka pratar i skogen

Eit barn går i skogen. Skumringa gjer barnålene svarte. Barnet har gått lenge og treng mat, men inga føde er å oppdriva. Ei kråke skrik frå ein tretopp. Barnet høyrer at det ikkje kan vera langt unna, og i mangel på andre mål, set det kursen mot den håse kallinga.

Då barnet kjem til kråka sitt tre, oppdagar det ei jente i ly av dei nedste greinene. Ho har eit stort smil om munnen og eit lys i handa. – Du må ta til høgre, seier jenta. – Kvifor det? spør barnet. – Då kjem du heim til far, seier jenta og smilet hennar vert større. – Korleis er far? spør barnet. – Å, nei, det veit eg ikkje, for eg har aldri sett han. Men ein fugl song ein gong til meg om kvar far er, og fuglen sa at eg skulle stå her for at andre skal finna vegen. Har du mat?, spør barnet. – Nei, men sjå her, du vil nok ha større nytte av dette lyset, seier jenta og tenner eit nytt lys med flammen frå sitt eige.

Barnet vandrar vidare, det går mot høgre. Lyset gjer det lettare å ta seg fram, og barnet kjenner at det snart er framme. Brått grip ei hand tak i barnet sin venstre arm. Barnet stoppar og ser inn i to store auge i eit sotete barneandlet. – Du går feil veg! Far bur ikkje her, det har fuglen sagt meg. Jenta har ført deg på villspor! Gå mot venstre herifrå, så kjem du på til han, seier andletet og forsvinn inn i mørkret. – Vent! roper barnet. - Har du mat? spør det. – Ta til venstre, svarer røysta.

Barnet tek til venstre. Etter ei lita stund sloknar lyset, og barnet snublar vidare over røter og steinar. Det har mest ikkje kreftar att, og skal til å legga seg ned på den mjuke skogbotnen då det høyrer at nokon gret. Barnet går i retning av lyden og finn eit barn som liknar det sjølv. – Kvifor gret du? spør barnet. – Eg leita etter vegen heim til far då eg fall, og no vil ikkje det eine beinet bera meg meir, svarer den gråtande. – Lat meg støtta deg! seier det svoltne barnet. – Det er så alt for snilt! Eg har diverre ikkje meir enn nokre brødsmular å gjeva deg som takk, seier det andre barnet og tørker tårene.

Det går ikkje fort med dei to, og ikkje veit dei lenger kva retning dei går i, om det er høgre eller venstre. Barnet med den skadde foten heng tungt på den andres skulder, men brødsmulane har gjeve trøytte nye krefter. Etter ei stund høyrer den lyden av rennande vatn, og snart står dei ved ei elvebreidd. – Det er her me skal over, seier dei i kor, og dei veit at dei ikkje kan symja. Dei kjem nesten til midten av elva før den skydekte himmelen forsvinn for dei, og dei går vidare med vannflata over seg. Barna ser overraska på kvarandre, for dette ante dei ikkje at var mogleg, dei kan både pusta og le. Beinet som var skada vert godt att, og barna spring vidare over ein elvebotn dekka av grønt gras. Dei ser ein mann koma mot dei. Han omfamnar dei og spør med triste auge: - Står dei andre barna framleis i skogen og tolkar kråkeprat?

Kommentarer

Kontrabass sa…
Dette var nydeleg skrive, Kristine
Fru K sa…
takk.

inspirert av Grimm brørne sine eventyr. ikkje at dette kan seiast å vera eit eventyr.men eg har i det minste med ein løyndomsfull, mørk skog, og talet tre. håper eg ein dag kan skriva eit verkeleg eventyr.