Frk. K stiller munken eit spørsmål.

Han sit i den djupe, brune skinnsofaen med kvit kutte, ei øl i handa og firkanta, nokså tidsriktige briller. Munken diskuterer ivrig med ein student som i dag feirar at han er ferdig med masteren sin om, hm, var det den jødiske overklassa? Og frk. K pratar med andre på sin kant av bordet, og ventar tålmodig på kairos, den rette tid å tala.

Kairos kjem, den kvitkledde vender seg mot hennar kant, ho tek tråden og legg til rette for spørsmålet. – Unnskyld, men er det passande med eit apologetisk spørsmål? – Klart! – Jesus fortel oss at me skal få ein fullkomen fred. Korleis er det mogleg, så lenge me også veit at det skal koma ei fortaping og at menneske me elskar truleg kjem til å hamna der?

Han svarer (dette er ikkje direkte sitat, det er essensen som klistra seg fast i frk. K sitt surrete hovud, så last ikkje munken for dette):

- Mennesket er eit så høgtståande vesen at me må bli haldne ansvarlege for det me gjer. Difor er domen og fortapinga naudsynt. Mennesket får valet.

– Kva tid kan ein seia å ha blitt stilt overfor valet? Kva tid er ein nok opplyst om konsekvensane til å kunna avvisa frelsa? Er det den dagen alle menneske skal sjå Gud, eller er det no det gjeld, no som det er menneske si oppgåve å formidla Evangeliet? Menneska si formidling kan ikkje seiast å vera perfekt, korleis skal folk verkeleg kunne ta stilling til Gud på slikt sprikande grunnlag?, spør frk. K. Her hugsar ho ikkje kva munken svara, det var noko som var for vagt til å festa seg på hjernebarken hennar. Og før diskusjonen vert overteken av ivrigare debattantar som tek diskusjonen til heilt andre høgdar som ho ikkje gidd å klatra opp på, får ho slengt ut eit siste frustrert spørsmål som ho heller ikkje kan hugsa å ha fått svar på: - Korleis kan me i det heile tatt vera glade i Himmelen? For det var dette spørsmålet ho eigentleg meinte å stilla, ikkje om menneske skal vera ansvarleg for gjerningane sine.

Kommentarer

PerMS sa…
Bør eg vera glad i himmelen? Bør eg lengta? Sikkert, eigentleg. Men skrekken for alternativet kan jovera motiverande nok. Men eg elskar jo verda óg. I alle fall mykje av ho av og til; menneske og ord som dei seier, musikk, kjærteikn... Litt dagleg himmel gjer godt. Men eg forstår dei som tygg på angst og mørkre og manglar mat og tryggleik, og eg kan jo bli ein av dei ein dag. Dei ser nok klarare verdien av gullgater enn meg.
Kanskje dette vert tydelegare sett gjennom firkanta, nokså tidsriktige briller eller montert i ei ramme med fire hjørne.
Du spør vanskeleg, frk. K. (og dåren svarar)
Fru K sa…
Eller er det dåren som spør?

Gjev oss i dag den daglege himmel! Og Han svarer bøna og let ho gjelda for alle: Elsk din neste i tankar, ord og gjerningar.

og vidare: dersom du ikkje elskar, kjem heller ikkje himmelen til deg.