Dekonstruksjonen er begynt

Tekstar konstruerer bilete av røynda. Biletet kan godtas eller forkastast. Kan skribenten faget sitt godt, er det større sjanse for at lesaren tek til seg påstandane som vert framsett, implisitte (underforstått) som eksplisitte (klart sagt).

Konstruksjonen kan demonterast. Verkemidla som påverkar lesar, kan avslørast. Teksten kan strippast, så berre skjelettet står att.

Underteikna har nett gjort ei avgrensa analyse av ”Sørlandschips historien”*. ”Kva grad av nærleik finn ein i teksten, og kva tekstuelle trekk er med på å konstruera dette?”

Kvifor Sørlandschips? Ho liker ikkje ein gong chips!

Fordi reklamane deira har slått ho som ”festlege”, ”trivelege” og ”fengande”, og fordi slike adjektiv gjer at den kritiske sansen vert sett på sparebluss. Ein svært effektiv reklamestrategi, med andre ord.

For å gjera ei lang analyse kortare: Reklamen får produsenten til å framstå som ein som er på lag med småfolk og andre kvardagsmenneske. Teksten er skriven med ei handskriftliknande font, teikningane kunne barna dine ha laga på ein god dag i 4. klasse. Teksten kunne ha vore på kjøkkenbordet ditt utan at du ville ha løfta eit augebryn. Konstruksjonen ønskjer å høyra til i den private sfæra di.

Gjennom historia får Sørlandschips bygd opp ein identitet som eit lite, artig prosjekt mellom venar, ein av dei pantsette til og med gifteringen sin! Dei er langt ifrå eit resultat av dei tilfeldige investeringane til ein kynisk finansmann. Og dei er ”heldigvis” Noregs minste chipsfabrikk, meiner dei. Ja, for store fabrikkar, dei er skumle, det veit både folka bak Sørlandschips og mannen i gata. Leif Arne, Rune, Terje og Steinar og bruker fornamna sine, og dei er sterkt tilstades i teksten ved bruk av fyrstepersonsponomenet ”vi”. Dei er som oss! Det oppstår identifikasjon mellom produsenten og den potensielle kunden.

...Analysen sluttar ikkje her, men av ulike omsyn vert han brutalt avbroten. Spesielt interesserte kan sjølvsagd få tilsendt den fullstendige versjonen/disseksjonen.


Å! Som ho kosar seg med å avkle kommersielle aktørar! Ho rynkar ganske så kraftig på nasa, nesten så mykje at panna blir skrukkete, over den plassen reklamen har fått i det offentlege rom. Kor mange reklamar vert ho eksponert for ein morgon på trikken til Blindern? Interessant telleprosjekt. Men no har ho altså skaffa seg eit våpen, smidd i akademias forvridde korridorar, ein gong i ikkje svunnen, men heller ganske så moderne tid. Våpenet glitrar i sollyset, fienden vert blenda: Ho hevar tekstanalysen over slagmarka. Let the deconstruction begin.**

* for å finna den aktuelle teksten, må du klikka deg inn på "kontoret" og opna permen det står "historien" på.
** denne teksten er også ein konstruksjon. ytrar tilbyr eit bilete av verda som addresaten står fritt til å ta til seg eller forkasta. kva verkemiddel har ho nytta i teksten? utfordringa er gjeven. dekonstruer!

Kommentarer

Anonym sa…
Ja, da tenker jeg forbrukspropagandistene og myndighetene som gir dem plass til å boltre seg på skikker seg. Jeg tipper at Leif Arne og resten av kumpanene hans har pådratt seg magesår etter alle krisemøtene de har avholdt etter at de ble kledd nakne.

Leif Arne: Avslørt, gutter! Jaja, det måtte jo skje en gang.
Terje: Men så fort? Vi hadde jo lagt en vanntett plan! Hva var det som satt henne på sporet?
Rune: Kanskje det virker litt pussig at en liten kjøkkenbordsbedrift har råd til å kjøpe all den kostbare reklameplassen? Faen, jeg visste jeg ikke skulle slutta på Blindern. De folka der har vi ingenting å stille opp mot.
Steinar: Men herregud, kan vi ikke bare lage en ny da? Vi legger oss flate og innrømmer at vi ikke er så små og koselige som vi later som, men at chipsen fortsatt er like god! Ærlighet, det går jo rett hjem!
Rune: Men faen, er du helt tett eller? Skjønner du ikke at det ikke tar mer enn et semester eller to, så har de sett tvers gjennom den bløffen også? Det er ikke noen hvemsomhelst vi krysser klinge med her!
Leif Arne: Nei, det nytter ikke. Turid, legg ned potetskrelleren. Slaget er tapt.

Eller på Forbrukerministeriet, eller hvem det nå er som tillater at kapitalen tapetserer byrommet med den tredje utvei, distraksjonen.

Byråkrat1: Hm… Byråkrat2, har du lest dette?
Byråkrat2: Nei, er det noe vi må hensynsta?
Byråkrat1: Jeg tror det. Her, skum. Det kan fremstå som om disse reklamefolkene ikke har rent mel i posen.
Byråkrat2: Jeg skummer. Men, du store paragraf! Tekstens du og jeg… makrotema… vektorer… koherens… Herregud, det er jo bare dikt alt sammen! Er du klar over at jeg kjøpte en slik pose til datteren min i går?
Byråkrat1: Sikkert. Men dette er jo et demokratisk problem, vi må kunne forvente at markedsførerne spiller med åpne kort. Vi er jo tross alt i VBL.
Byråkrat2: VBL?
Byråkrat1: Det tar så lang tid å si verdens beste land hele tiden. Informerer du SMK? Jeg besørger en totalvurdering.

Blindern: Alltid et metanivå over. Jeg foretrekker å rive ned dritten når jeg ser den.

Klem fra J
PerMS sa…
Hehe.. Kjekt å lese. Flinke å skrive, begge to! Biter fra dere. Setter forløsende ord på det alle går rundt og kjenner på. Skulle ønske jeg også kunne skrive (godt).
Fortsett å dekonstruer! Fortsett å konstruer! Hit me, baby, one more time!
Fru K sa…
J: Så kjekt at du ein sjeldan gong viser orda dine fram! Eg held meg på metanivå, då eg er for pysete til å bli så konkret at eg riv ned noko reint fysisk.

Eg burde sikkert forstå kva SMK står for, men det gjer eg altså ikkje.

Og hugs no kor uendeleg viktig distrasjonen er! (for den som vil forstå denne utsegana: les "Den sidste Messias" av Peter Zapffe) Lat bytapetseringa fortsetta, så me slepp å sjå holet i veggen!

Per: Takker. I will hit again. Dei oppmuntrande kommentarane dine er av stor betydning for ei sjel som ikkje heilt veit om det er noko vits i å eksponera seg på verdsveven i det heile.

(Og når eg ein sjeldan gong bit litt frå meg, så er det stor sjanse for at det er J som har inspirert meg.)
PerMS sa…
Det er heller ikkje denne sjela sikker på (- at det er vits i å vera synleg på veven, altså.). Det er viktig å vera synleg (litt sånn Persynlig). Det hjelper om ein vil bli sett (og høyrt). Men nettet ser og høyrer ingenting.

Men. På leiting etter intellignet liv i dette universet har eg stadig vend tilbake til sida di. Litt (mykje) har skjedd på dei åra eg har kikka innom, både i verda og i tekstane. (Kikka er eit litt ekkelt ord, men ganske treffande.) Sluttar du å blogga, vil eg slutta å lese sida di. Det skal du i alle fall ha!
runar sa…
Statsministerens kontor? SMK? Slagsmålsklubben?