Valnatt på byen

I løpet av dei tidlege kveldstimane har Samsaya fått meg til å laga sensuelle indiske handrørsler og Lars Lillo Stenberg prøvde å smøra honning på leppene mine (søt musikk ligg ikkje for mine øyre for tida, så eg reagerte med å få den småbitre grapfruktsmaken i munnen i staden).

Kulturkampkonsert, var det dei kalla det, og Jens, Kristin og Liv Signe dansa, sistnemnte med størst innleving, med dei to entusiastiske Madcomaranae. Vel: Eg fekk då med meg éin bodskap, men den var då heller ikkje ny for meg: For alt du gjer, ikkje stem Frp! Sterke visuelle virkemiddel vart nytta for å overbevisa det allereie overbeviste publikum. Fyrst: Scener frå Himmelblå og Max Manus som ikkje ville vore moglege å produsera om NRK - lisensen vert fjerna og Frp får gjennomført milliardkuttet innanfor kultur. Og så scener i frå Brødrene Karamasov på Nathionalthetaeret med bodskapen: Om Frp kjem til makta vil teaterbillettane kosta 880kr. Som Lillo Stenberg sa på sitt tilbakelente vis: Dette er ikkje ein kamp der det står om livet, men me kjempar for de som gjev livet meining. (noja, kan hende eg feilsiterer, men det var i det minste essensen.)

Frp sin marknadsorienterte tankegang går ikkje overeins med forholda i Noreg. I USA er det mogleg å driva kultur med profitten i førarsetet, for der er det ein enorm marknad for slikt. I Noreg ville til dømes filmsatsing blitt endå tøffare å gjennomføra, då det er usannsynleg dyrt å laga film og nesten umogleg å tena inn alle desse pengane uansett kor høgt publikumstal du oppnår. Me er tross alt under 5 millionar potensielle kinogjengarar her i landet.

Vel, seinare på kvelden sit eg på ein pub med 130 ølsortar. På eit nabobord sit Siv Jensen og venane hennar. Og då eg er om lag halvvegs nede i Guinnessglaset mitt, gjev eg dei to kameratane mine ei seriøs politisk analyse, basert på følgjande spørsmål. – Jensen, betre enn mensen?

Eg drøfta på følgjande vis: Jensen kan vera til å leva med på kort sikt. Me får visstnok lågare skattar, meir oljepengar å nyta med det same, billegare alkohol og bensin, og me slepp å ta inn over oss at det er ei klimakrise i lufta (den er så ekkel å tenkja på). Om den meir liberale alkoholpolitikken fører til meir kriminalitet, så kompenserer ein med ved å få meir politi. Lykke!

Mensen ligg dårlegare an om ein ser det i eit kortsiktig perspektiv: Humørsviningar, feitare hud og hår, hovudverk, krampar, ja, jenter, eg er sikker på at lista individuelt sett kan vera lenger. Altså: Så langt ligg Jensen i teten.

Lat oss vidare sjå på langtidskonsekvensane: Mensen er ein naudsynt faktor for at det skal bli skapt nye menneske. Wow. Då kan ein tåla det meste på kortsikt.

(på dette punktet i drøftinga har eg vore på toalettet der ei kvinne sat på do utan å reagera på at dei som stod i kø drog ho i beinet. tre menn som jobba der kom og slo inn døra, og synet var, nei eg prøver å gløyma.)

Men Jensen, Jensen, Jensen. Eit tommare oljefond, alkoholiserte folk som er rusa på eksos, eit magert velferdssystem der det er lommeboka som regjerer (sjå så fint det går i USA! Dei fattige får ikkje hjelpa dei treng!), kinoar der det berre snurrar kommersielle kassasuksessar og musikarar som aldri vart musikarar fordi dei ikkje hadde råd til å våga å satsa livet på musikken. Norsk jordbruk vert nedlagt, distrikta døyr ut. Folk flest nyt fridomen sin til å leva så egoistisk og frotsande som dei alltid har drøymt om, samstundes som dei krev at alt kring dei skal bli stadig betre.

Så der mensen fører til kreasjon fører Jensen til destruksjon, konkluderer eg og veit at eg ikkje bør snakka for mykje politikk. For politikk er vanskeleg! Det er gode grunnar til å oppretthalda ein rik partiflora, for spørsmåla er vanskelege og har mange moglege løysingar. Kan hende er det uklokt å harselera med Frp på denne måten, for dei har heilt sikkert eit par gode poeng som eg overser der eg sit på min middels høge akademikarhest. Dessutan sit eg med den ekle kjensla av å tvila på valet eg sjølv har gjort, men uansett kva ein vel, så vil ein ikkje vera fullt ut samd. Men: Ein bør vera audmjuk i møte med politikk, meir audmjuk enn det eg var i går kveld. Jensen, eg tek sjølvkritikk. (men eg synast likevel at eg har eit par gode poeng.)

På puben får eg òg lufta ein alvorleg frustrasjon: Det faktum at Kristent samlingsparti eksisterer og håper at Gud vil hjelpa dei inn på tinget. I gårsdagens Vårt Land las eg følgjande annonse: ”Gud sier i sin Lille Bibel, Johs 3,16, at Troen på Jesus er avgjørende om ditt liv ender med Fortapelse eller et Evig liv. Tror du på det Jesus her sier, så stem Kristent Samlingsparti.” (sic.) Eg vel å le og prøver å la vera å brenna annonsen. Det ville ha vore umodent av meg.

Nei, her ser de altså grunnen til at eg aldri skriv om politikk. Det vert eit kaos styrt av kjensler og innfall. Og eg vel å pulblisera ein rotete tekst som denne, sjølv om eg veit at eg kunne ha gjort mykje betre. Det er tidspresset som får meg til å vera så dum.

Godt val!

Kommentarer

Unknown sa…
Du mente vel egentlig Jens, Kristin og Liv Signe? For hvis Siv var med, tenker jeg at protestene mot Frp ikke hadde gått upåaktet hen... ;) Synes det er gøy når du skriver om politikk :) Stå på, kvinne!
Fru K sa…
takk for tipset, feilen er retta. siv og kristin har jo blondt kort hår, så det går i surr av og til :-p
Kontrabass sa…
Ja, eg blander dei som eg blandar dei to damene i Hotell Cæsar. Bra skrive, gode poeng. Måtte det gå frp dårleg
funky_uncle sa…
Slikt kan eg godt lesa meir av, keep it coming, hald det komande. Har freista å både verta interessert i fotball (fobal som dei seier i min nye heimby) og gjera meg klok på politikk, med blanda hell. Lyt koma meg ein tur til Oslo og diskutera ståda over noko fancy øl.
Fru K sa…
Kven i hotel cæsar blandar du, runar?

kom ein tur til oslo og diskuter over fancy øl, funky! og når det gjeld foballen i distriktet ditt: Gå for Bryne FK, ein sikkar vinnar.