Forsøk på å skriva om skjønnlitteratur

Det følgjande er eit forsøk på å finna ut kvifor eg vel å bruka ein såpass stor del av den avmålte tida mi på å lesa skjønnlitteratur. Kanskje vil mange seia at behovet for underhaldning og pusterom i ein hyperventilerande kvardag, er hovudmotivasjonar for å setta seg ned og observera ordsamansetningar som er sette saman av folk som i følgje forlaget skal vera flinke til slikt. Sjølvsagd er det av høg verdi for meg å bli underhaldt, men dette kjem i andre rekke. Her vil eg undersøka alternative motivasjonsfaktorar, ei liste som ikkje må lesast som uttømmande. Eg nemner mellom anna ikkje at eg les fordi eg er fascinert av språket i seg sjølv, eller fordi litteraturen kan vera så vakker at han når inn til rom i meg som eg alt for sjeldan får tilgang til.

- Eg les fordi eg vil bli eit betre medmenneske*.

Eg prøver å halda meg oppdatert på kva som skjer i meg ved hjelp av notatboka mi. Kartlegginga er langtfrå fullstendig, men det er då eit skritt i riktig retning. Berre ein liten brøkdel av det eg skriv der vert vidareformidla til dei som er rundt meg. Når eg veit at tankerekkene og kjenslene mine er framande for størsteparten av verdas befolkning, tilseier det at eg heller ikkje har så frykteleg god oversikt over kva andre grublar på, kva impulsar som driv handlingane deira og korleis dei har det med seg sjølve.

Dette kan gjera det komplisert for menneska å vera nær kvarandre. Om eg berre kjenner mine eigne måtar å resonnera på, vert det vanskeleg å kunna forstå korleis folk kan koma til heilt andre konklusjonar, ja, til og med få dei til å handla på måtar som får meg til å stempla dei som usympatiske.

Her kjem romanar, noveller og dikt inn i biletet. Dei openberrar for meg kjensler og tankar som ikkje oppstod i mitt eige hovud. Når eg blir klar over at det er mogleg å vera tilstades i livet sitt på så mange ulike måtar, opnar det meg for ei vidare og rausare tolking av menneska som ikkje er meg. Skjønnlitteraturen let meg følgja resonnement og koma til konklusjonar som ligg fjernt frå mine eigne. Neste gong eg møter eit menneske som ser ut til å støyta omverda frå seg, kan eg trekka parallellar frå romanar om einstøingar. Slik kan eg nærma meg ei forståing av kva som skjer i vedkomande og respektera handlingane hans som eit resultat av eit indre som ikkje er mitt eige, men som eg likevel kan identifisera meg med. For me er då begge menneske, bærare av hovud med utallige moglege livstolkingar.

Ei innvending til denne lovtalen, er at litteraturen har ein tendens til å visa fram personlege indre som er for sære til at folk flest (eit etterkart belasta uttrykk, men her vil eg at det skal lesast med positiv valør) ikkje kan identifisera seg med dei. Ei av mine tre kjære sambuarar, kom nyleg med ei slik ytring, og ho utfordra meg til å skriva ei novelle med ein hovudperson som liknar ho. Me spøka med at det ville ha blitt keisam litteratur, fornuftsbasert og motstandslaust. For venninna mi ser ut til å leva eit liv som rett og slett er greitt, fint og kan hende til og med vaskeekte lukkeleg? Eg trur sjølvsagd ikkje at ho ville ha blitt keisam litteratur, men poenget ho fremmar er verdt å ta på alvor.

Skulle det då vera slik at karakterane i skjønnlitteraturen er for sære til at litteraturen skal kunne kallast relevant for kven som helst? Eg vil seia nei: Ved å visa fram grensetilfella gjennom karakterar som vert dominerte av enkelte karaktertrekk, kan me læra noko om alle oss som balanserar nokolunde stabilt på midten. Det at trekka ikkje er like framtredande i oss som i litterære karakterar, tyder ikkje at trekka dei ikkje eksisterer!

Skjønnlitteraturen gjev meg tilgang til å sjå verda gjennom andre sine auge. Eit privilegium! Og ein verdefullt reiskap for å vidareutvikla empatien.

- Skjønnlitteraturen lærer meg å kjenna meg sjølv.

I tillegg til å utvikla språket mitt så eg lettare kan setta ord på det som skjer i og rundt meg, viser litteraturen fram karaktertrekk, handlemåtar og kjensler eg kan kjenna att i meg sjølv. Kan hende er dei i meg utan at eg ensar dei, for dei er blanda saman med alt det andre som er der, og vert difor ikkje utkrystalliserte så eg verkeleg kan bli klar over at dei eksisterer. Bøker kan setta fokus på eit av elementa i meg som eg tidlegare trudde at berre var ein av mange suppe – ingrediensar, og visa meg konsekvensane eit slikt element kan få for meg.

Eg set punktum her, utan samandrag eller oppfordringar. Det får vera lesaren si oppgåve å finna ut kva eg har sagt.

* Her kan ein diskutera kva som ligg i omgrepet ”betre medmenneske”. Det sparer eg til framtida.

Kommentarer

pems sa…
Eg trur eg les for å bli sett. Gode leseopplevingar kler av meg, nådelaust og kjærleg. Eg er skapt naken og kan aldri bli noko anna framfor den litterære spegelen.
Fru K sa…
fint perspektiv. litteraturen som avslører.

eg les "bølgene" av virginia woolf, ei vakker bok. den består av 6 samanfletta monologer frå 6 menneske. sjølv om dei er svært ulike, så kan eg identifisera meg med tankane til samtlege. det vert avslørt for meg at mennesket er mykje. (eg ser at eg ikkje får fram essensen i det eg meiner om denne boka. ho er ikkje av kommentar-format. ho treng eit essay.)