Sommar: Natt

Ho sit på rommet sitt i øvste etasje, ser ut gjennom stengde persienner. Handa som held spilene frå kvarandre er mjuk og kvit som roseblad.

Månen er ein mynt som siktar seg inn mot eit hol i himmelen. Er ho heldig, vert gevinsten regntunge skyer og vind. Då vil soltilbedarane vakna frå lys – hypnosen og innsjå at dei eigentleg ikkje orkar.

Blyanten møter eit do – papir som er pryda med raude hjarte:

”Sommarfantastane, no som representantar for sjølve folket. Kastar av seg kleda for at den nådelause sola skal få vurdera kroppane og gjera naudsynte forbetringar. ”

Ein blå himmel krev ein forskjell, men ho har endeleg innsett at kravet ikkje kan oppfyllast.

Som om ein blå himmel gjer ein forskjell på kven ein er.

Når dei leitar etter ho på stranda, ser dei holet ho ikkje fyller. Og dei tenkjer sitt, ja, det gjer dei nok, om kvifor ho føretrekk den svale nattelufta: Ho er blitt synleg i mørkret.

Kommentarer