Norsk litteratur 1800-1900

Eg er full. Full av ande, kraft, inspirasjon. Eg er diktaren, eg let meg fylla av det useilege som får mennesket til å ty til orda, desse fenomena av fonema som me set saman til å fylla eit ark, ein skjerm. Og sjå: Det vart litteratur.

Ein fyllefant og horekunde kunne vel neppe få nytta den teologiske utdanninga i sjølvaste kyrkja. Eg kjenner ein rebelsk teologi koka under overflata, for ein institusjon er for dei som er like, kvar er plassen for dei unike? Her! jublar eg med Wergeland. Sjå grana, sjå kor rank og stolt ho er, bli med meg i det eg ler av den stusselege gotiske katedralen som ikkje har livsande i seg. Og denne heite omfamninga mellom Henrik og Sofie, sjå der har me katharsis! Den syndige teologen møter den fullkomne kjærleik, kor mykje meir effektivt er ikkje dette enn veggen av traust liturgi?

Welhaven, lat oss sjå på han i eit anna lys enn skugga som vert kasta frå konflikten mellom han og Wergeland. Om eg hadde prøvd meg på dikting med klassisistisk form, ville eg ikkje nådd ein edlare sjanger enn den dei kallar for konfirmasjonsdikting. For berre ein meister klarer å få sagt noko i dette fengsel av metriske stengsel. Han vil formidla det skjønne dei sløra auga mine ikkje sjølv kan sjå. Takker og bukkar for heiderleg innsats, herr filosofi - professor utan fullført utdanning! Det triste er at du aldri fekk høyra kva eg har å seia deg, her eg sit i etterpåklokskapen sin vedunderlege lyskastar. Og veit du? Det hender at sjølv ein oppløyst postmodernist oppnår eit sant, inspirert augneblink.

Romantikken: Dagsaktuell eller akterutsegla? Sjå inn i deg sjølv, sjå på treet, stjernene, og føl litt. Føling! Nettopp: No skal du fortelja meg alt: Kva følte du? Kven er du? Kva heng du saman med? Sukkar du? Dette sukket er romantikarane sin salmesong.

Men eg er då ingen svermar. Ikkje utelukkande ein svermar i alle fall, difor kryp eg vidare, eg nærmar meg rasjonaliteten sitt trygge, utfordrande famntak. Kven skal eg fyrst gripa fatt i? Ho Camilla. Syster av Henrik. Akk! Så ulykkeleg forelska i Johan Sebastian. ”Kjære Camilla. Har du lyst å vera liksomsyster mi? Kan du vera mi eiga, vakre, vene muse?” Nei! Eg elskar deg! skrik Camilla og eg i kvinnekor. Det var tilpass for han at han ikkje vart funnen verdig av foreldra til Ida Kjerulf.

Lat oss ikkje gjera den heilage litterære kanon om til ein såpeopera. Kremt, sjølvsagd ikkje, men kan eg få koma med eit par saftige detaljar til før eg ser på fru Collett sin litterære milepel?... Då mannen døydde, reiste ho frå borna sine! Kven er det som gjer slik? Jo, det skal eg seia deg: Det er den moderne kvinna! Meg? Nei, det kan du ikkje meine. Den moderne kvinna, ho som er fri frå kollektivet, individet som snur ryggen til kva ho vil utan at nokon metafysisk eller institusjonell makt kan få ho frå det. Camilla: Eksistens i eit svart skrin. Eg: Eksistens i ei svart notatbok. Jo eg ser samanhengen. Men aldri om eg ville…

Collett skreiv om døtrene av si tid, dei som sat med ein skjør liten fugl i fanget som berre var fin å sjå på så lenge han ikkje song. Ekteskapet: Eit rasjonelt vedunder. Kvinna: Ei emosjonell tåreperse, som berre kan håpa på å ha flaks i lotteriet på den store kjøtmarknaden. Jammen har tida endra ekteskapet: No kan kvinne som mann kasta ektemaken sin ut av reiret om ein ikkje finn seg så tilfredstilt som forventa. Er det no egoismen som har overteke rasjonaliteten sin plass i ekteskapet? Og eg som trudde at kjærleiken var sterkast.

Eit nasjonalromantisk hurrarop: Ivar Aasen! Kva skal me med dansk når me har norsk? Dølen er straks på saka, samanliknar borgarskapet med dyr Paa Fesjaa, han gjer narr av dei på klingande landsmål. Ikkje eit vondt ord om bokmål, det er berre det at nynorsken ligg så nær meg som eit språk kan koma, eg høyrer Garborg le ironisk av byen og hylla den høge, jærske himmelen. Her sit eg, Garborg, bondestudina di. Eg har berre vore inni ein traktor ein gong, men når ein ønskjar å vera nær litteraturen er slikt for bagatellar å rekna. Daniel Braut (vert uttala Braud på den rette måten) og eg må hamla opp med pluralismen i Christianina. Eg håper eg vert ein danningsroman, ikkje ein danningsroman på vranga som Daniel si soge enda opp som. Som ein hund flyktar han inn i eit sidegate ved synet av den fyrste mentoren sin. For Daniel er ikkje den han var, og ikkje kan han seia noko vettug i møte med læraren, for om han det skal klara, må han jammensanten vita kven han sjølv er. Eg derimot, eg er den urbane bedehusjenta som verkeleg veit kva eg står for. Eller har Tigerstaden klort i identiteten mine til det ukjennelege, er eg så merka no at det er påtide å reisa heim? Ylajali sin beundrar endar opp med å fri seg frå byen ved å ta ein båt som han tidlegare sansa som trugande. Kva tenkjer eg om toget?

1890 - åra: Dekadense! Synestesi! Musikalitet! Brøk – kjensler og den store kinesiske tromme! Men kvifor måtte eigentleg Hamsun gjeva oss ei hypersensitiv, uansvarleg kunstnarsjel, kvifor har Obstfelder hamna på feil klode?

Kanskje svaret ligg hjå Synnøve Solbakken? Litteratur som skal danna folket, bøndene som skal strekka seg etter eit reinare liv, manifestert gjennom ei lengtande jente med lange, lyse fletter. Om det mogleg å få eit uhøvla folk som drikk og slåst til å bli gudfryktige helgenar? Sjå berre på Torbjørn! Han klarer det, han vinn si Synnøve og får sjå livet frå den lyse sida. Tåpelege bondeidyll! Litteraturen skal ikkje vera ein lykkeleg hollywood – illusjon, litteraturen skal visa meg det vanskelege, verkelege livet! Ja vel?

Så lat oss då setta problema under debatt, og i same slengen oppdatera den støvete nordiske bokheimen. Brandes er på hogget, han gjev oss Mill sin liberalisme på sølvfat. Ibsen: Ein mann med nase for trendar som fekk dramaet ned på nivå med den borgarlege kvardagen. Brand og Peer Gynt, to menn, denne gongen som individ og ikkje fyrst og fremst som medlemmer av kollektivet. Brand kjempar for ideala, Peer valsar likegyldig gjennom livet. Peer er som ein lauk, ingen kjerne er å finna. Men halleluja! Ibsen finn nåde for dei begge, og for Peer vert Solveig den nye Synnøve Solbakken. Så trampar Ibsen for fullt inn i rasjonalismen, den store mannen går inn i titteskåpet; og sjå! Retrospeksjonen openberrar samfunnet sine gjengangarar for oss, mønstra me er stivna fast i, alt som held oss nede, dei er ein del av det me har arva av foreldra våre. Lat oss halda dommedag over oss sjølve og sjå kor galt alt er fatt. Ja, Fru Alving, son din har syfilis og du vidarefører normene som gjorde han moderne nok til å fremja spørsmålet om eutanasi. Sola står opp, kven veit kva som skjer?

Naturlegvis! Om ein gjer teksten sin om til eit naturalistisk laboratorium, vil ein sjå korleis alt er eit resultat av arv og miljø. Korleis skal Ory bli ei god kone når mor hennar har gjeve ho illusjonen om eit ekteskap utan ekteseng? Akk og ve, vesle Ory, dei kvite kleda dine og seksualangsten din gjer deg til mannen din sin bøddel. Men lat oss ikkje skulda alt på deg når han druknar seg i framand farvatn. Som undersøkingane viser: Det er samfunnet/familien/historia si skuld.

Nei, nei, nei, det er då verkeleg ikkje samfunnet/familien/historia som er skuld i alt eg gjer gale. Maken til ansvarsfråskriving! Europa har teke imot Dostojevskij sine psykologiske skildringar. Til slutt ønskjer Noreg Raskolnikov velkomen, men berre fordi alle andre allereie har gjort det. Mennesket er så mykje! Sjå på individet! Me er attende i 1890, ringen er slutta, verda er på veg inn i moderniteten og ei ny tid krev ny tekst.

Er det på tide med ei kåring? Kven hadde mest rett: Romantikaren, den poetiske realisten, rasjonalisten, naturalisten eller nyromantikaren? Her skal ein vera forsiktig med konklusjonar, for 1800 – talet sett under eitt, speglar for meg mennesket på ein svært heilskapleg måte: Mennesket lengtar etter det metafysiske, ho strekk seg etter ideala, ho ser med kritisk blikk på samfunnet og ho er forvirra, følsamt og framandgjort.

Kommentarer

astrid hodne sa…
Eg er mektig imponert! Kan eg gjetta på at det er ein heimeeksamen eller ei oppgave, eller skriv du alt dette av eigen fri vilje? Uansett; kjekt å lesa!
Helsing Astrid på biblioteket
(me snakkes i sommar)
Kontrabass sa…
Dette var fin lesing, Kristine. Og så gøy med hypertekstuelle referanser på løpende bånd! Jeg ble inspirert til å lese litt 1800-talls litteratur i sommer. Kanskje litt Brandes? Fred
Fru K sa…
Takker!
Eg skreiv dette då eg las til eksamen i nordisk litteratur. Eg var så lei av å pugga pensum, at eg fann ut at eg like gjerne kunne ha det litt gøy. Så vart refleksjonen min kring det eg har fått i meg dette semesteret til denne teksten. :)

Så bra at du vart inspirert, Runar! Eg veit ikkje heilt om eg ville ha starta med Brandes, då han er meir kritikar enn skjønnlitterær forfattar. Kanskje du kan lesa Garborg? Eller Sult? Då må du ha eit ope sinn, for "jeg" i den boka er ikkje heilt vel bevart. Men kven er vel det? ;)

Og ja, i skriftleg retorikk har eg lært om kor tidsriktig hypertekstualitet er, så eg må berre kasta meg på bølga. Lineær lesing er så 1800 - talet!
Kontrabass sa…
Haha, der ser du kor mykje peiling eg har på dette. Eg trur eg blanda han med ein annan. Kven kan det vere? Eg lyt tenkje litt.