I eventyret

Du les eventyret om Oskeladden som fann og fann og vann prinsessa. Per og Pål vert torturete med salt i djupe sår, men sjølv ikkje det vesle barnet på fanget ditt reagerer. I plassen for å gråta med dei som gret, festar de hemingslaust med Espen, fråtsar i eit halvt kongerike og vel så det.



Du sit framføre tv-en, ser barn falla for framande kuler, medan ein far skyt ein annan far. Og du seier dette høgt fordi ein rest i deg fortel deg at du burde: ”Huff, det er jammen mykje fælt i verda.”

På biletet: Detalj frå Vigelandsparken

Kommentarer

PerMS sa…
Og mykje som er fint, kjekt og imponerande.. Den hesten til dømes imponerer; Det der har han gjort før! Flink!