Sjå meg no! Sjå kor eg smiler, sjå kor det vrir seg inni meg, sjå kor Anden kitlar meg i hjarterøtene! Sjå meg! eg som så godt veit kvar kjellaren ligg; han kan vera like ute på balkongen eller i eit blasert blikk under ein grå stjernehimmel.

Steel, bass, tromme - og flygeltonar stig saman med lyden av havet, trompet - songen. Dei er eitt, dei fem på scena, dei leikar seg hemningslaust, ler og flyt saman. Det kriblar av liv i kroppane og den avslørande mimikken akkompagnerer musikken.

Noko vert kviskra i meg, eg låner det eit øyra for mykje: Du veit så inderleg godt at denne freden kjem til å forlata deg!

I bruset druknar den djevelske røysta. Det skjelv og sukkar i meg, og ein stum deklarasjon smeltar saman med sivsuset:

Denne gleda er ikkje underlagt det forgjengelege! Æva og augneblinken er eitt!

Eg hamrar den djupe essensen inn i metopen min, den eg løyner langt der inne, der du, din destruktive demon aldri vil nå inn. Der inne skvulpar bølgjene under ein glødande kveldshimmel, der er tårene av krystall, der er det eg gløymer at eg eig, der er sanden under nakne føter, der er klemmen eg framleis er verande i, der er…

(om nokon skulle vera i tvil, så var dette eit ekspresjonistisk, spontant referat frå Mathias Eick – konserten på Victoria, Nasjonal Jazzscene)

Kommentarer