Teleologisk tyranni

Imagine! one day in the wonderful future: 100 % balanse og måloppnåing.

/og du glir motstandslaust gjennom dagane, endeleg er du ein geleklump/

Legg difor ned all verkesemd som ikkje kan gjera livet ditt betre ein annan dag.

/Purposedriven church, moment, breath/

Gå tur! (så held du lenger på helsa) Et sunn mat! (så vert du aldri gamal og skral) Hald deg oppdatert! (så vert aldri ein dust i bakevja)

/Fitter, stronger, happier, more productive…/

Og vidare må me sjå på barna våre: Korleis kan me forma dei så dei vert mest mogleg nyttige for samfunnet? Kva gjer me gale når dei ikkje vert glade ingeniørar?

/Barn = potensielle produsentar og dei er allereie verva inn i hæren av blinde forbrukarar/

Det fyrste bod: Realisera kvar einaste lita dråpe potensial du har i kroppen, lat ingenting av det du kan gjera verta ugjort. Du. Ditt eige livsprosjekt. Målet er…

/Kvar går du, andre stadar enn til kista di? Ny forskning viser: Sjølv den største idiot klarer å koma seg dit./

Rekk eg å ha det litt gøy før eg døyr? Kan eg få lov til å leva livet mitt no?

Kommentarer

PerMS sa…
Purpose-driven dukkar opp der du minst ventar det. Og ein glad ingeniør har me alt....
http://www.mamut.net/Ing_Yngvar_Glad_AS/
Det er jo litt gammaldags med blogg, men det er kjekt at du skriv litt av og til. Men er det NYTTIG?
Fru K sa…
tja, for meg er det nyttig å få strukturert tankane mine og å få blåst ut uforståeleg vrøvl. men det eg ikkje heilt forstår, er korleis dette kan vera av nytte for andre. men det er ikkje mitt problem.
Anonym sa…
Sjiddrått, Kristine!
Æg likte denne.
Fru K sa…
Tove! Så alt for lenge sidan eg har sett deg! Eg kjem til Bryne i påska, må prøva å få til å møtast. Godt å høyra at nokon held fast på jærsken sin ;)