Eg var aleine på trikkestoppet Forskningsparken og eg plystra på Take Five. Metrologisk institutt like oppe i bakken kunne nok ha fortalt meg at det var kring ti minusgradar og at det snødde tett.

Då gjorde eg ei stor oppdaging/ Då fekk eg ei openberring

Det var fyrst og fremst fordi eg hadde på meg dei mørkeblå ullvottane mine. Dei små trådane fungerte som fangarmar.

Eg såg ned og auga mine vart opna:

Snøkrystallar er noko av det vakraste som er.

Garnet heldt skattane langt borte frå den øydeleggande kroppsvarmen min. Eg vart ståande og studera kvar minste detalj, eg fotograferte formasjonane med ei mental linse. Og då trikken kom vart eg så trist, for fnugga forsvann sporlaust i den kollektive badstua.

I sørvest fell snøen, når han ein gong i året finn det for godt å falla, i blaute, tunge flak. Så klandra meg ikkje for å ikkje ha innsett dette tidlegare! Men kvifor, spør eg meg, har ingen fortalt om dette før? Den glade bodskap må vidare! Eg skal i alle fall ta min del av ansvaret, for små gleder er store nok til å fylla tomrommet i djupe tankar. (og eg tenkjer mykje for tida, på Gud og Jesus og Heilag Ande, men om det teier eg, inntil vidare)

Kommentarer

Anonym sa…
So flink du er til å skrive!
Anonym sa…
Eg fekk lyst til å tipsa deg om ei bok. "Veven" av Martin Lönnebo. Det er ei bok om å leva og ei bok om å tru. Det er ingen lettvinte løysingar, synest eg. Det er ei bok full av levd liv og tenkte tankar,mange kloke ord som ein kan lesa om og om igjen og bare bera med seg i tankane.

Varme helsingar frå Heidi Strand Harboe.
Fru K sa…
Takk! (Eit 'so' gjer slike setningar so fine! Eg trur eg er svak for dialektar med 'so' i seg.)

Takk for tipset, Heidi. Eg får prøva å gjera det til ein del av sommarlektyra mi. No for tida kan eg ikkje ta meg tid til å røra anna enn pensumlitteratur. (les for tida Olav Duun, han har ei nydeleg språkføring!)

Og eg har for tida dårleg samvit pga manglande blogging. So er det sagt.