Vitskap om draumar


Inntrykka eg ikkje klarte å tolka og tankane som eg ikkje via merksemd, trenger seg opp til overflata. Draumelandskapet mitt er ein fascinerande plass å vera.

Eg er på stranda saman med to ukjende. Stranda slår sprekker, me vert ståande på sandflak. Ei folkemengde kjem vandrande mot oss frå sør. Ho eine som er med meg, fortel dei at ho er dronninga over forbrukarane. Folka seier dei vil definera kva som er synd, om dei så må bruka makt for å få gjennomslag for definisjonen sin.

Eg skriv som regel ned draumane mine og eg vel å dykka ned i dei for finna ut meir om mine eigne tankeprosessar. Ofte klarer eg å tolka det som skjer, andre gonger finn eg ingen samanheng. Kan hende det ikkje er så lurt å leika for mykje i si eiga søppelkorg, men av og til finn eg verdefulle skattar.

Eg er på eit kurs for løvetemmarar, i regi av Røde Kors. Instruktøren spør deltakarane kva ein kan gjera med ei løve utan at ein vert skada. Kan ein kosa han, gjeva han handa, eller ikkje gjera nokon ting? Dei fleste deltakarane, inkludert eg, går for alternativ b. Me meiner at me fint kan rekka ei hand ut mot løva utan at noko skjer. Det er berre ei jente som meiner noko anna. Ho trur at ein skal holda seg borte frå løva, og at all form for kontakt vil føra til skade. Me andre tykkjer jenta er feig og keisam, men diverre fortel instruktøren oss at ho var den einaste som svarte riktig.

Denne draumen tok eg som eit varsko frå samvitet mitt, då draumen kom på eit tidspunkt då eg prøvde å overhøyra det.

Dess fleire draumar eg skriv ned, dess oftare hugsar eg kva eg drøymde. Eg har dessutan funne ut at det er gunstig med ein uregelmessig svevnrytme. Når eg må vakna før kroppen min er van med det, er eg gjerne midt i ein draumefase.

Folk ser ulikt på kva draumar er. Ein kan sjå på dei som ein nøkkel til seg sjølv, eller ein kan tru at Gud bruker dei som kommunikasjonsmiddel. På norrønt oppfatta ein det slik at den det vart drøymt om var den mest aktive parten. Om eg drøymte om deg, så såg ein det kanskje heller slik: Du drøymer i meg. (Denne tolkinga av det norrøne språket kan ein koma med innvendingar mot, men eg tek vel å ikkje drøfta dei aktuelle momenta her.)

Draumar har noko mystisk over seg, samstundes som dei er eit resultat av alt det eg kjenner til. Når eg drøymer, finn eg mange kreative løysningar og lagar bilete på det eg ikkje forstår. Eg trur det er verdt å ta seg tid til å lytta til draumane sine, og det kan du gjerne tolka som ei oppfordring.

Kommentarer

Aspis sa…
Hoho! Løyen løvedrøm! I regi av Røde Kors faktisk! :D Kjøpte notene til Kjempeviseslåtten i dag på fint papir. godt fornøyd! Vi snakkes! (Ja, eg føler eg må bruke utropstegn etter kvar setning!)
Fru K sa…
Gratulerer med bra låtval! Eg er i ferd med å gjeva opp... Neidå, klart eg ikkje er i ferd med å gjeva opp, eg har jo berre brukt eitt år på stykket! Men veit ikkje om eg kan spela det for deg att, no som du skal læra deg det vert det for lett for deg å oppdaga alle tabbane mine. Eller.. Tabbar var vel å ta hardt i: Min litt frie tolking!
Anonym sa…
Hei Kristine. Eg er innom bloggen din med jamne mellomrom og les med stor interesse. Draumar er fantastisk spennande.
funky_uncle sa…
Det føresviv meg at du enno ikkje har oppdaga Dylan, men du vil sikkert setja pris på denne parodien av han, palindroma er i alle høve festlege.

http://uk.youtube.com/watch?v=Nej4xJe4Tdg
Fru K sa…
takk for at du les bloggen min, Heidi!

Eg er faktisk nett i ferd med å oppdaga Dylan, Funky. Har du forslag til kva album eg bør fylla øyra mine med i oppstartsfasen?
funky_uncle sa…
Åh! Du stilte meg Mitt Draumespørsmål!

The Essential Bob Dylan har mange av dei beste. Kjøp for all del dobbeltalbumet Live 1966 og høyr på fyrste skiva (som er verd prisen åleine). Min personlege favoritt er nok Another Side of Bob Dylan. Alle med melankoli i sjela bør lika Oh Mercy.

Og forøvrig Slow Train Coming frå då han var nyfrelst og litt sint.

Og i det heile take...