(S)VO?

Følgjande er lingvistiske tankar, så no veit du kva du går til.

På norsk må setningane, om ein ser bort frå imperativsetningar, ha eit subjekt for at dei skal klinga godt i språkbrukarane sine øyre:

Det snør.

Her er ’det’ innhaldstomt, eit såkalla formelt subjekt. For tydinga sin del, er det tilstrekkeleg med verbet:

*Snør.

På islandsk (òg norrønt) kan ein i slike høve kutta ut subjektet. Der er følgjande ei fullstendig setning:

Rignir.

Men slike praktiske setningar utan subjekt er unorsk! Eller er det no det? Eg får lyst til å leika meg fram til ein lingvistisk hypotese. Følg med i resonnementet mitt, og sjå om du er samd:

Språkbrukarane lagar språket, bruken kjem før norma.

Når eg skriv i fyrsteperson eintal, hender det at eg kuttar subjekt. For meg, særs om eg er i eit litt poetisk eller munnleg modus, fungerer denne setninga heilt fint:

Går rundt og rundt i ein grøn katedral.

Når eg skriv brev, så skjer dette støtt og stadig:

Gler meg til å sjå deg att!


Er det berre meg, eller dette brotet med norsk syntaks eigentleg heilt ok?

Overskrifta vil eg ikkje forklara. Eg vil gjeva eventuelle lingvistar som les dette, den vesle gleda av å forstå noko som ikkje alle andre forstår. Dette gjev ei kjensle av at ein studerer noko viktig, ei kjensle som fort kan vera mangelvare i møte med verda utanfor fakultetet.

Kommentarer

Anonym sa…
Kva med heilsetninga " heilt Konge!"? (Minimalt med S og V her.) Likevel ein sann farsott i visse miljø. Ein utru sjel har dessutan røpa (S)VO-koden til Wikipediafolka. Ha det. ((S)V(O)?)
Fru K sa…
"heilt konge" er eit setningsfragment, ikkje ei setning. utan V, inga setning. men setningar utan S er derimot fullt moglege, eksempelvis i spansk, norrønt og islandsk.
Anonym sa…
OK, du er heilt konge i lingvistikk, men det luktar litt god gammal gymnaslærar av svaret. Ha ein god start på det nye året. Med eller utan s-en i parentes.
Fru K sa…
haha! eg har kome langt i livet om svara mine allereie luktar av gamal gymnaslærar. men det er sant, eg drikk ein del kaffi.

du får ha ein god start på nyåret du òg, kven du no er der du sit gøymt bak namnet percorso.
Anonym sa…
Hei igjen, og orsak.... Eg gøymer meg ikkje. Gidd ikkje alltid logga meg innpå. Eg er nok berre villvinmannen som har litt dilla på italienske ord. Percorso er eit av dei fine. Du kan jo ein gong putta dott no bak ordet. Då dukkar det opp.... nettopp ein gamal lærar.