O! Du søte studenterliv! (ein perfekt dag i eit studineliv)

kl. 9 -10: Les norske balladar, mellom anna Draumkvedet

kl. 10-12: Fyrste seminar i munnleg retorikk. Eg vert overmanna av ”Hjelp! Eg kjenner ingen i denne gruppa!” – angst. Men då kjem eg på at eg frå i dag av skal leva etter ”do one thing every day that scares you” – doktrina, og difor opnar eg meg for dei framande rundt meg. Eg vert dessutan gira på å koma i gang med semesteroppgåva som skal leverast i slutten av mai, ei samtaleanalyse.


kl.12-14: Lunsj og dagens tredje kaffikopp. Pratar med ein mf-student om ”den fri vilje” og bibeltolking . Me utforskar det filosofiske landskapet saman, utan klare mål og meiningar, men med mange store spørsmål.


kl.14-15.30: Diskuterer bibeltolking med ein heidning*. Me endar opp ved den avgrunnen der diskusjonane våre alltid tek slutt, nemleg der eg vel å tru på dårskapen**, medan spørsmåla hans vert ståande utan svar.


kl. 15.30-17.30: Les norske balladar, samtaleteori og teori om lyrikk. Samtalepartnaren min frå kl. 14-15.30 kjem bort til meg med ei bok av S.Kierkegaard, "Begrepet angst", og eg legg bort pensum til fordel for eit kapittelet "Angst for det gode".



*Eg er nokså viss på at han sjølv ikkje har noko imot at eg nyttar dette ordet som karakteristikk i denne samanhengen. Elles ville eg ikkje ha brukt det, då det i nokre øyre kan ha få ein nedsettande klang.

** jf. 1. Kor 1, 18

Kommentarer

Anonym sa…
Høres ut som en fantastisk studiedag!
Fru K sa…
mm. desse dagane kjem når ein minst ventar det, men det kjem nok oftare om ein f.eks. bur i oslo. ikkje at eg hintar om at eg synast at du bør flytta hit, tvert imot, eg seier det beint ut: kom deg til oslo! (men eg garanterer ikkje at du kjem til å få det fint her, det må du sørga for sjølv, ein har det ikkje meir gøy enn ein sjølv gjer det til)