Dei øvste greinene på dei vintertørre hengebjørkene er skuggelagde av eit kunstig lys frå bakken. Stammane lyser kvite mot meg. Eg svever mot den lavendelgrå himmelen, let tankane mine bli verande der oppe, før eg vert ført attende til utgangsposisjon. Så er eg brått bak meg sjølv, weeeeeeee! Sjølv om huska er trongare enn ho var før i tida, susar eg like lydlaust gjennom lufta, utan at beina mine rører bakken.

Lat meg vera barnleg! tenkjer eg og morer meg over å sjå ei gruppe menn gå forbi eit stykke borte. Lyset fangar meg ikkje, og dei vert villeida til å tru at eg ikkje ser korleis merksemda deira søker det store barnet på huska. Veit dei ikkje at filosofane oppmodar til leik?

Likevel fryktar eg auga frå dei mange vindauga som omgjev den grøne lunga, eg kjenner det som om eg gjer noko ulovleg. Kva om dei trur eg er galen?

- Kva gjer vel det!

Eg har ingen ambisjonar om å framstå som eit a4- ark.

Eg håper nokon såg meg idet eg samla saman hovudet mitt og hoppa av huska. For nett då, der i svevet og i den mjuke landinga, kjente eg meg elegant.

Kommentarer