Bondestudina


Vintersola sender låge, kvasse strålar inn over Jærlandskapet, så det bleinkjer i frostkrystallane. Det nye året ser fredfullt ut, men hjå meg boblar det under overflata. Eg har nett lese siste sida i ”Bondestudentar” av Arne Garborg, ein roman som skildrar samfunn og politiske tilhøve på 1860-70-talet. Daniel Braut (i ei fotnote vert det kommentert at Sørbraut lokalt vert uttala’Sørbraud’) flyttar frå Jæren til Christiania og får møta det meste av holdninger som svirrar rundt i det klassedelte samfunnet. Embetsstanden held på at bøndene berre kan bry seg med ”matstrevet” og ikkje har høve til å tenkja over åndelege saker.

Daniel har ikkje stort mot til å meina. Han talar aldri imot dei som er rundt han. Ikkje har han tru på at han klarer å finna den rette meininga heller, for alle har dei gode argument, som ein til ein viss grad kan seia seg samd i. Til slutt ender han opp med å svika røtene sine, og ter seg som ein ”frons urbana”, ein bymann. Han ser med triste auge på idealistane som ender opp som loslitte stakkarar, medan han sjølv trur han skal få ei trygg framtid ved å bøya seg for dei rådande ideologiane.

Sjølv er eg vel òg å rekna som ein ”bondestudent” der eg kjem tuslande til storbyen med bagasjen min frå bedehusland. I byen vert eg møtt av ein meiningpluralistisk hage, og så er det opp til meg å velgja kva for ein av blomane eg best likar angen til.

Eg skal ikkje her gå inn på det religiøse aspektet, sjølv om der er nok å seia. Denne gongen viar eg tankane mine til politikken, eit felt som har blitt gjeve akk så lite merksemd frå meg dei siste åra. Når det har gått så langt at eg får spørsmål om eg bryr meg om politikk i det heile, krev det ein snuopperasjon. Difor har eg som forsett for 2009, som jo er eit valår, at eg skal prøva å setta meg inn i, og halda meg oppdatert på politikk og samfunn.

Som Daniel, har eg lett for å koma til at fleire av sidene i ei sak har sterke argument å fara med, og difor let eg ofte vera å ta eit standpunkt. Men no er det ein gong slik, at om ein skal få ting til å gå rundt her i landet, så krev det standpunkt, anten ein likar det eller ikkje. Om eg no klarer å drøfta meg fram til meiningar, så må eg vita at eg nok aldri kan vera så sikker i mi sak at ei revurdering ikkje kan koma på dagsorden.

Om eg nokon gong skal vera idealist, så må det vera no. Idealisme er noko som høyrer 20-åra til, før ein hardnar og vert realistisk i 30-åra. I mange saker har trist realisme allereie gripe fatt i meg. Men eg vil utropa meg sjølv til idealist når det gjeld trua på eit ukrenkeleg menneskeverd og tanken om at tinga aldri gjer mennesket verkeleg lykkeleg, noko eg håper at eg alltid vil holda fast på. Det er dessutan klart at alt ikkje bør målast i pengar. Når det gjeld dette siste, så gler eg meg til Dagfinn Høybråten kjem ut med bok i vår. Han skal visstnok ønska å få i gang ein debatt om grunnleggjande verdiar. Det gjeld å smi medan finanskrisa framleis er varm!

Elles så må eg sjå om eg snart klarer å plassera meg på høgre-venstre-skalaen. Mange vil tru at eg trekk mot venstre, kan hende har dei rett i det. Problemet er då at eg må seia farvel til fleire grunnleggjande verdiar eg har til felles med KrF. Nåja, problematikken let eg kvila til eg har oppdatert meg på partiprogram.

Og så er det EU, ein debatt som den splitta regjeringa neppe har lyst å ta opp i valåret, men som likevel snart kan banka på døra. Sjølv om eg har stor respekt for kunnskapsrike Gahr-Støre, så veit eg ikkje om han klarer å få meg over på ja-sida. Men kva med Noreg om Island går til EU for å få styrka valutaen sin? Kva skjer då med den sære EØS-avtala? Og vil me eigentleg ha EØS i det heile, me implementerer jo EU- regelverk i fleng utan at me kan motsetja oss det me blir pålagde. Men så er det dette med marknadstilgagnen, då… Dette er ein herleg debatt der svaret ikkje ligg oppe i dagen.

Det er no på tide å koma attende til Daniel, elles ville teksten verta for laus i fisken. Avslutninga går ikkje i Daniel sin favør, då eg ikkje aktar å gå rundt som ein spegel for andre sine meiningar, for til slutt å svika røtene mine i byte mot materiell tryggleik. Rett nok var det materielle ei større utfordring for fattige Daniel enn for meg, så eg skal ikkje vera så hard i domen min over bondesonen. Men no skal det bli sving på den politiske tankeverksemda mi, så sant ikkje studia kjem og gjer krav på alt det eg har av intellektuell kapasitet.

Kommentarer