Meir sukk og klage

Å akseptera ei sanning

Er så frykteleg mykje enklare når alle rundt deg er av same meining, når mor di og far din og venane dine syng dei same songane,

Alle utan å blunka,

Vanskelegare er det for dei som må virra rundt i ein labyrint av sjølverklærte sanningar for å finna deg, dei blir svimle, finn aldri vegen på det viset kan du skjøna, berre om dei skulle ha flaks, slik ser det i alle fall ut i mine uforstandige auge

Er dette noko du kallar rettferd, Herre?

(svara er vel løynd i det at du er allmektig tenkjer eg, men du er likevel open for spørsmål frå småfolk, sjølv om du ikkje alltid er så flink på det med konkrete svar, og når folk spør meg,

ender eg stadig opp i sirkelargumentasjonen, med det slagordet: Fordi eg trur at Gud er!

Kan du snart visa meg at du verkeleg er det?)

(og no trur eg at eg veit kva mine søsken i trua vil svara meg, eg har allereie gjeve meg dei svara på eiga hand, men dei gjev meg inga ro, eg er for utålmodig, har ikkje nok visdom til å takla situasjonen, Herre, sjå i nåde til meg, puslete menneske, gjev meg tillit til deg, håp, kraft, alt det som eg openbart ikkje har teke til meg så langt.)

Kommentarer

Astri sa…
hmm...
eg kjenne meg igjen.
det er rart det der.

takk og lov for at det er lov å sukke og klage litt (evt. masse - det jær eg!:/)

eg kjenne meg igjen. veldig!! va egentlig bare det eg ville sei. :)
funky_uncle sa…
Kva om han finst?

Kva om han ikkje finst?
Hm.

Du finst i alle fall. Ikkje verst berre det.
Fru K sa…
astri: eg trur me sånn kristeliøst sett er på veldig ulike stader, men så bra at du kjenner deg att! lenge leve sukk og klage...

funky: (gratulerer så mykje!)
eg spør meg sjølv. hjernen min prøver med ulike koplingar. eg må velgja eit av alternativa.

eg finst. og eg fortel meg sjølv at Gud er. det gjev meg ingen prov, men heller ingen motprov.

(håper snart det kjem ein ny tekst ut av meg. men eg er kreativt uttørka. typisk det, no som eg har ferie og har skrivetid)