Johnny Cash finn meg sittande med munnspelet mellom hendene og blikket festa på støvkorna. Eg prøver å bøya c-duren med tunga mi slik at tonane kjem nærare mollen min.

Han set seg ned ved sida av meg, klimprar på den svarte gitaren og syng ein song om deg og meg. Om å vera underleg like og fatalt ulike. Og om kor vakkert det er å lytta til upolert musikk.

Tonane hans passar meg. Den rustne røysta syng til meg. Eg vert difor overraska då han seier:

Eg møtte gleda ute i gangen. Ho sa du ikkje ville ha besøk. Er du sikker på at det er så lurt?

Men, Johnny! seier eg ein smule opprørt. Eg bad deg om å koma nett fordi eg trudde du ville la meg liggja her og synast synd om meg sjølv!

Ha! svarer han. Høyr no her, vesle frøken, lytt til ein gamal mann. Ein dag eg tusla langs jernbanelinja, fann eg ein mann liggande i støvet. Han var nett komen ut av fengsel og lengta etter kona si. Sonen sin hadde han aldri sett. Og veit du kva, han kom seg aldri dit, han døydde same dag. Det var ein mann som fortente ein real blues. Men du? Eg beklagar jenta mi, du får ikkje meir enn dei tonane eg har allereie har gjeve deg. Og for Guds skyld, vær snill og ikkje blinda deg sjølv med tårer, her er mykje visdom og mange god ting å ta med seg vidare, om du berre let vera å grava det heile ned i gløymsla di.

Kommentarer

Anonym sa…
Prøv ein C7+9. Han held gangdøra på gløtt, jula gjennom. God jul.
Fru K sa…
takk! nydeleg klang.

litt seint å ønskja deg god jul, men eg får i det minste seia godt nytt år!