Lykkespinn


Lykke… Eg kallar det eit fenomen som høyrer augneblinka til, utan at det av den grunn vert mindre verdt. (Det som nokon vil kalla vedvarande lykke, vel eg å kalla ein grunnleggjande fred. Men kven kan fylla desse omgrepa med korrekte, presise definisjonar?)

Veit du? I kristne samanhengar har lykka aldri oppsøkt meg.

Gud vel å gjera meg lykkeleg andre stader, kvifor Han vel å gjera det slik, er det berre Han som veit. Men takk Gud, takk for lykka!

Denne helga har hatt fleire gode augneblink enn gjennomsnittshelga. Eg får ein idé. Undersøk kva som gjer meg lykkeleg!

Fredag kveld: Studievener og andre vener kring eit bord på solidaritetskro. Nye band vert knytte og auga våre smiler. Ein illusjonist får oss til å tru at han les tankane våre, men etter showet leiter me fram forklaringane og knuser trua på at han kunne sjå meir enn andre. Me er godt nøgde me vårt eige intellekt. Berre ei av oss seier: Eg liker å ikkje vita kva som skjedde, eg vil tru at det skjedde noko eg ikkje forstår.

Utover kvelden aukar den solidariske innsatsen og Gud trer inn i samtala, han plasserer seg midt mellom norrøne verb og dyrevern. Så vedunderleg livet er på Blindern! Seinare klikk-klakkar eg nedover Bogstadveien, mislikar å laga så mykje lyd, men kunne ikkje ha dei flate skorne i dag, det var vått ute då eg gjekk og dei grå skorne har hol under hælane. Kvelden vert runda av med roleg prat over tekopp, eg har den rosa Mummikoppen. Bugge spelar jazz.

Laurdag kveld: Fransk film. Ein av oss vel å heller løysa kryssord, og eg kan godt forstå det standpunktet. Trekantdramaet i svart-kvitt er vedunderleg absurd, provoserande, me to som framleis følgjer med, ler og seier oppgitt: For eit kvinnfolk!

Søndag: Teknisk museum! Trykk på ein knapp og sjå kva som skjer, gå med gummistøvlar gjennom eit rom fylt med vatn og sjå meg sjølv gjennom varmekamera. Eg fattar ikkje kvifor småbarnsforeldra ikkje frydar seg like mykje som barna. Såpebobleshow! Ungar som strekk seg etter dei skjøre kulene, frydefull latter når boblene veks. Me observerer at me er dei einaste ’vaksne’ som ikkje er i følgje med barn, me ler og lærer at såpebobler har to hinner og at det mellom desse er vatn. Og visste du at det er på grunn av dei hinnene at lyset vert brote slik at me ser fargane? Til slutt får me tilbod om å stå i ei boble, men berre ungane stiller seg i køen, dette er dei vaksne for seriøse til å vera med på, eg har så lyst!, men motet sviktar, og bobletilvære har eg dessutan fått nok av på bedehus og folkehøgskule.

Så… No burde saka vera klar: Kvar finn eg lykka?

(teksten er skriven med hovudverk og avskrudd perfeksjonisme, publiserer på tross av ei kjensle av at dette er makkverk. moral: lykka stiller ikkje høge krav!)


Kommentarer

Aspis sa…
Hahaha! Ser for meg du ville stå i den bobla ja! :)
Bra post! Kjenner meg igjen i tankene dine om såpebobetilværelse osv... Veldig fint å lese :)