Til gleda

Våg å vera glad!

Når den grå asfalten er forgylla av blader, når nokon heller gull over hengebjørka! Lat deg sjølv smila når ein liten fugl kjem nærare deg enn du trudde at han torde, sjå inn i dei svarte, kloke kuleauga, og tenk på at han kanskje tenkar.

Legg ikkje lokk over boblene du kjenner når eit nesten heilt nyskapt menneske smiler attende, ikkje fordi det forstår at du er vellukka, men berre fordi du gjev barnet eit teikn på at det eksisterer, og undra deg då over at de to kan oppmuntra kvarandre så grenselaust.

Når du ser fullmånen trilla over himmelen den første frostnatta, når stjernene for ein gong skuld trengjer seg gjennom lysforureininga, bli ståande og sjå heilt til du er så kald at ein varm kopp te er det einaste som kan få liv i deg att.

Over tekoppen skal du nyta tatlinga mellom deg og din gode ven, tenk ikkje på kva emne som hadde vore mindre overflatiske, berre le saman over tabben du gjorde då du gjekk på skapdøra!

Og når ho er på veg ut døra, bli verande i den klemmen! Tenk ikkje på at ho snart kjem til å forsvinna. Sakn er dessutan noko av det vakraste du kan eiga. Kjem tårene når du månadar seinare spelar favorittplata hennar, bli ikkje motlaus og frykt ikkje at avstanden tek livet av venskapen. Dyrk de som de har, med slikt kjærleg stell vil venskapen veksa.

Musikk! Så vedunderleg uforståeleg, kvifor gjer denne rytme – og tonekombinasjonen meg så hemningslaust oppglødd? Fortesett å dansa, for svaret kjem du ikkje til å finna. Og når du tuslar i byen med songar i hovudet, når tekstane set ord på noko du lenge sjølv har mumla, då skal du synga med!

Syng høgt i dusjen, og le av tanken på at naboen kanskje kan høyra deg, le til og med om denne naboen skulle slumpa til å vera songpedagog.

Les den boka som rører ved deg, les ikkje fort for å kunne seia til andre at du er manglesen, ble sakte om, lat den eine setninga stokka om på tankemønstra du hadde grodd deg fast i, kjenn at du veks, fryd deg over eventuelle veksesmerter, det er eit teikn på at du lev!

Forsvinn inn i Vinternatt i Rondane, kjenn at stilla verkeleg er til, langt der borte, og langt der inne. Blir ståande eit minutt lenger enn det alle andre gjer, kjenn at alt er blått!

Spis eit hausteple, sakte, lytt til det smakslaukane kviskrar, du vil oppdaga at dei er bærare av djupare visdom enn du fyrst hadde trudd.

Dykk ned i ein livsfjern drøm, der rosa kaninar og gigantiske skilpadder ser deg vandra på Mjølkevegen! Når du dukkar opp att i røynda di, kjenn deg forfriska av den surrealistiske dukkerten, sørg ikkje over at draumen ikkje vart med deg til overflata.

Og slik kunne eg fortsetja, det veit du at eg kunne, og det vil eg at du skal gjera, sjå etter gleda, leit henne fram, ho er verkeleg å finna.

Gled deg, kjære, gled deg!

Kommentarer

Det var en glede å lesa det her
- bra oppfordringer!

Solfrid
Anonym sa…
Dette er noko av det finaste eg har lese
Fru K sa…
Så bra at eg kunne gleda nokon! (alle kan gleda nokon, ingen heksekunst, prøv!)

Takk.
Så fint du skriver! Det bor utvilsomt en kunstnersjel i deg.