Leita etter stjernebileta. Berre Orion var heime, han hadde amputert ein fot.

'I byen set dei visst elektrisitet og realitet høgare enn gneistrande undring. Du må nok finna deg andre lyspunkt', mumla han.

Då fann eg fram på løyndomane mine. Ein heller liten, men desto meir eksklusiv kolleksjon, gøymt i ein monter med sota glas.

Løyndomane er både døve og blinde. Dei glitrar som sola i bølgjene, og syng som stormen i vindskeive tre.

Dei spør meg forsiktig: Trur du at nokon blant menneska talar døvespråk for blinde?


Kommentarer

funky_uncle sa…
Det er nokon som snakkar teiknspråk for blinde, på senteret der eg jobbar. Ein kallar det taktilt teiknspråk, den døvblinde lyt kjenna kva teikn du gjer med hendene. Dei får alle sine sanseinntrykk gjennom huden.
Fru K sa…
så fint!