Vintervarsling




Det heile eksploderer, blada tek fyr, augneblinken etter er berre oska att.

Eg et fargane med grådige auge. Håper på å hamstra nok til å forhindra at grånyansane fortærer meg.


- - - - - - - - - -

No vert snart tekoppane heilt naudsynte.


- - - - - - - - - -


Fest tryggleiksbelta, damer og herrar, nødutgang er der ikkje. Skulle alarmen gå, legg dykk ned og slå golvet med knytte never. Eit anna alternativ er å ta tak i sidemannen, gjeva han eller henne ein lang, stum klem medan de håper på at kroppsvarmen smelter glattisen.


- - - - - - - - - -


Vinter, sommar, haust og vår!
Tjo hei kor det går!

Kommentarer

PerMS sa…
ingen kommentar
PerMS sa…
Forresten. Biletet.. Eg vaks opp i eit digert murhus i Stavanger (Paradis faktisk). Ein stor gammal villvin dekte huset på sør- og austsida. Grøn og full av spurvespetakkel om sommaren (lydane bur i meg enno) og raugul om hausten. Bare svarte nakne vener* oppetter veggen om vinteren. Eg er ein gammal mann og grånyansane er i ferd med å fortæra meg, men eg har villvin i blodet. Årgang 1969 omtrent. Ha ein fin oslovinter.
*altså vener, ikkje vener.
Fru K sa…
takk, du med villvin i blodet. ha ein fin brynehaust (den herlege med skrått regn) og ein god jærvinter (den med gjennomvåt snø)