Å sjå ein mann på trikken ein fredagsmorgon, observera at dei auga er dei vakraste eg nokon gong har sett (heilt sikker kan ein aldri vera), få ein liten frysning når det mørke blikket møter mitt naive og blå, sjå smilet hans som leiker like under overflata av kvardagsmaska,

Medan eg høyrer på Dave Brubeck kvartetten, trommer rytmen med fingrane, later som om eg ikkje ser på han, studerer potteplantane på balkongane langs trikkelinja, gledar meg over at hausten framleis ikkje har teke dei med seg bort her i frå,

Bli litt trist når han forlet trikken, han har ein søt rød sekk, ser ut som om han skal på ein bitteliten tur, bestiga ein fjelltopp av bøker,

Og til slutt vita at eg gjer nett det dei etablerte venninnene mine seier at eg bør gjera, nyta livet som singel, ein vert visst tidsnok gift (om ein blir gift i det heile tatt).

Kommentarer

Anonym sa…
Jammen er du søt. Gå nå hen og forelsk deg! ;)
Fru K sa…
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Fru K sa…
Klarte visst å sletta eige innlegg der ja. Det eg skulle seia var:

Skulle gjerne gå dit hen, men kvar i alle dagar er det?(har nett sett Breafast at Tiffany's. sukk...)