Ope hus



Tempelsøyler og hieroglyfar. Framme i salen lyser eit auge i ein gul trekant. Dette er Johannessalen i Den Norske Frimurerordenen sitt stamhus. Denne salen er heilt annleis enn festsalen eg nett var inne i. Festsalen var lys, i rokokkostil med ei svær lysekrone og bladgull. Johannessalen er mindre overdådig, meir mystisk.

”Vi anmoder alle å skru av mobiltelefoner i dette rom.”

Ei kvinne stiller spørsmål, ein gamal mann svarer. Begge held seg slavisk til det som står skrive på arka dei har i hendene, informasjonen er kledd i arkaisk språkdrakt.

Oppsummert: Ein må vera mann for å bli medlem. Vidare må ein få ein frimurar til å anbefala seg, og ein må skaffa seg to fadrar. Den som ønskjer å bli medlem, må avklara dette med familien sin fyrst, og han må kunne garantera at medlemskontingenten ikkje kjem til å gjera han konkurs. Og han må vedkjenna at han er kristen. Målet for medlemmane er å utvikla seg som menneske. Grunnen til å at innhaldet på møta er hemmeleg, er at individet skal få oppleva rituala utan å ha høyrt noko om dei på førehand. Når ein skal koma seg opp i gradene, er det vedkomande sitt samvit som er dommaren, det er ingen andre som dømer. I tillegg til å utvikla medlemmane, gjev frimurarane pengar til ’de nødlidende’.

Så går sola går ned i den eine delen av rommet. Over oss vert stjernene tende. Dette skal føra oss inn i sjølvrefleksjonen sine løynde gangar. Tankane våre vert akkompagnert av orgeltonar: ’O, bli hos meg, nå er det nattestid’*.

Lyset vert skrudd på att, brått og brutalt, det stikk i auga, me vrimlar ut av salen, til romma der portrettmaleria av tidlegare, respekterte frimurarar vurderer oss frå veggane. Nokon har sverd i hendene, andre ein hammar.

Er frimurarane avmystifisert for meg? Tja, det blir vel å ta litt for hardt i.


* Kan godt henda at salmeteksten er feil.
Foto: Festsalen. Biletet er henta frå 'www.ifi.no: for deg som skal pusse opp!'

Kommentarer