Surrealisme i praksis





Apen og Dali seier det i kor: ”Det er klart at ei rose kan sveva!”

Eg rynkar på nasen. ”Surrealistiske tullingar.”

Apen og Dali ser litt trist på meg, så svever dei begge opp til skyene, set eg på rosa og drikk rosévin.

Eg snøftar forakteleg.




Neste morgon ligg det ei rose på bordet. Det må vera Apen som hånar meg, tenkjer eg. Heftig tek eg tak i stilken, tornane grev seg inn i huda, blodet dryp ned i mjølkeglaset mitt. Irritert tek eg smørkniven og kuttar stilken sakte av rosa, eg seigpiner henne. Då eg har brote over den siste, grøne tråden hennar, skjer det som ikkje skulle skje. Blomen

svevar mot den opne terrassedøra mi.
Eg rynker på nasen, tek tak i rosa, svever og seier til meg sjølv
"Surrealistiske tulling."

Kommentarer