Fugleperspektiv frå bakken

Kvelden i går heng framleis att i kroppen, eg burde sova lenger, men tankar held meg vaken, det er naudsynt at eg skriv dette. Orda er klarare for meg enn dei har vore på lenge.

Som dei tidlegaste bloggeåra mine viser, var eg ein gong ein glad, entusiastisk kristen. Det var ei herleg tid. Eg pugga bibelvers, brukte tid i bøn og vitna som om eg ikkje hadde sett noko av verda rundt meg.

Ei av bønene mine den gongen var: ”Om det er naudsynt Gud, så knus meg. Knus meg så du kan bygga meg opp att til den du vil eg skal vera.”

Eg visste ikkje kor vondt det kom til å gjera å få dette bønesvaret. Eg håper snart han er ferdig med prosessen, det er så smertefullt at eg har lyst til å kasta bort heile trua.

Men det gjer eg ikkje. Ikkje fordi eg er flink nok til å holda meg fast i Gud. Det er Gud som held meg fast. Eg er ein såra fugl i to store hender.

Eg orkar ikkje lenger be. Eg opnar sjeldan Bibelen, og når eg gjer det, vert eg skremt over kor lite eg får sjå. Når eg er i kristne forsamlingar, overmannar mørkret meg, eg kan ikkje forklara kvifor det skjer.

Når eg ein sjeldan gong prøver å snakka med Gud, kjem det ikkje anna enn desperate rop etter den Allmektige Pappa, akkompagnert av tårer.

For Han svarer meg ikkje.

Alt eg har att er ei lengt. Ei lengt etter sanning, etter den Gud som sprenger alle grenser, den vakre, evige og allmektige.

Eg er lei av lovsongar som endar opp i klisjear. Eg er lei av dei konstant glade kristne som stadig har det perfekte svaret over leppene sine. (Eg veit sjølvsagd at dei ikkje er konstant glade og at svara sjeldan er perfekte, men det er slik dei vert oppfatta frå fugleperspektivet eg har, her eg ligg på bakken.) Dei kulturelle rammene blant dei kristne er så alt for tronge. Og enn så patetisk det er, er klagene alt eg kan koma med. Eg kan ikkje ta initiativ til endring, kan ikkje sjå nye vegar, for krafta har runne ut av meg.

Eg er ikkje lenger ei av dei. Den eg var, vil eg aldri venda attende til. Eg veit ikkje kven eg blir. Frykta snik seg inn i meg. Kva om eg er på villspor? Eg vimsar rundt utan fast haldepunkt, det er så absolutt ein risikosport.

Eg har ikkje anna val enn å stola på den Gud eg ikkje ser.

Lengta mi er det mest dyrebare eg har fått. Lengta mi strekk seg etter Skaparen sin.

Lengta er no i ferd med å bli eit håp. Håp midt i mitt djupaste mørke.

(ein sjekk i nynorskordboka viser at eg har gjeve ”lengt” feil grammatisk kjønn. eg liker det best slik eg bøyer det, så då gjer eg det til eit hokjønnsord. kom igjen, språkpoliti, arrester meg!)

Kommentarer

Anonym sa…
Bra skrive, Kristine.
funky_uncle sa…
Trudde eg var åleine om det der.
PerMS sa…
Hei Kristine
Jeg tenker, som vanlig, at jeg burde holde fingrene av fatet og ikke kommentere, både fordi dine innlegg ikke trenger kommenteres, men også i frykt for å bomme på skiven. Men jeg leser med gjenkjennesle og får bekreftet min respekt for deg.
Jeg er ingen ekspert på "enighetsliv", gladkristendom, lovsang og bønnesvar. Det var aldri helt meg, selv om jeg nok prøvde litt halvhjertet en gang, og for min gudstro virker det rimelig uvedkommende. Jeg har møtt mange helhjertede som sørger over sin Guds stillhet og usynlighet. Jeg har også møtt mange som trekker skråsikkerhetens hette over hodet og verken hører eller ser. Begge deler gjør meg trist.
Kanskje er det slik at allmakt og avmakt graver hver sin grøft og veien går midt i mellom. Av og til blir den skremmende smal. Men vi skal jo videre...
Anonym sa…
Som leira i hendene på pottemakaren.
Preben sa…
Jeg ville bare nevne at jeg hadde lest innlegget og synes det det var tydelig at jeg leste noe som var ekte, ærlig og modig skrevet.

Takk for at du deler tankene dine Kristine. :)
Anonym sa…
Du ådu,
du finne ordå!! =)
Så nydeligt at det nesten gjør litt vondt..

(hu me krydder fra grannes)
Fru K sa…
Takk for fine kommentarer.

Eg håper verkeleg er ein leirklump i dei rette hender.

Hadde paprika på maten min i dag, frk. frå grannes.