Dialog med Hagegnomen

- Ikkje sei namnet ditt, eg gløymer det uansett
- Eg er Hagegnomen
- Hagegnomen?
- Han som har stått i hagen til farmor di i 25 år
- Å! Ja, eg har visst sett deg før
- Det stemmer
- Hyggjeleg
- Hyggjeleg

(midtpartiet i samtalen dreier seg for det meste om regn, sol, vind. dette er naudsynt for at samtalepartnarane skal kunne nærma seg kvarandre, men er heilt utan interesse for lesaren. denne delen er difor fjerna)

- Kva ønskjer du deg mest av alt?
- Ei hagegnomkone
- Kvar leiter ein etter hagegnomkoneemne?
- Kanskje du kunne hjelpa meg?
- Eg kan alltids ta meg ein tur på Hagesenteret
- Vil du det?
- Det er det minste eg kan gjera, du har gleda farmor mi i årevis
- Det var då så alt for mykje
- Å, nei då du
- Kva kan eg gjera i byte?
- Finna ein mann til meg?
- Kanskje eg skulle ha henta Draumeprinsen frå Eventyrverda?
- Kan du det?
- Det kjem an på.
- Kva då?
- Om du vil det.
- Klart eg vil!
- Er du sikker?
- Kvifor skulle eg nøla?
- Fordi han er perfekt.
- Og det er negativt?
- Bad eg deg om å få ei porselensdokke til kone?
- Nei.
- Kvifor gjorde eg ikkje det?
- …
- Fordi du ikkje kunne finna ei til meg?
- Neppe.
- Då må årsaka vera at eg ikkje hadde lyst på ei slik.
- Men ho er då så vakker!
- Mottoet mitt er: Heller ei klumpete kone enn ein supermodell.
- Merkeleg motto.
- Men du vil altså ha den perfekte.
- Ja!
- Ikkje ein som er som deg?

Kommentarer

Anonym sa…
"Heller ei klumpete kone enn ein supermodell". Fine!
Håper du har det bra i hovedstaden. Me sakner deg i biblioteket. Helsing Astrid H
Fru K sa…
Takk, Astrid! Set pris på å bli sakna. Eg ser ikkje bort i frå at eg kjem attende neste sommar, for betre (psykisk)arbeidsmiljø skal ein vel leita ei stund etter.